Lagerassistent IKT
Helse Vest IKT
- Frist 16.02.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Lagerassistent IKT
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Sikker og moderne IKT er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, også i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Med omlag 1500 system, 4000 serverar og i overkant av 30 000 sluttbrukarar, er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.
Seksjon for IKT-Utstyr har ansvar for logistikk og lagerhold rundt avtalefestet IKT-sluttbrukarutstyr gjennom avrop på nasjonale rammeavtaler. Vi ser etter ein medarbeidar som kan trå til på kort varsel for å bistå oss i eit tidsbegrensa engasjement i ein hektisk periode med mange leveransar til våre kunder. Engasjementet er i perioden 02.03.26 - 30.06.2026.
Arbeidsoppgåver
- Fysisk varemottak av IKT sluttbrukerutstyr til lager
- Klargjøring av IKT-utstyr for utlevering
- Rutinearbeid i foretakets logistikksystem (SAP/Libra)
- Administrasjon av Klikk-og-hent selvbetjeningsløsning (pakkeboks)
- Sakshåndtering i foretakets sakshåndteringssystem (Assyst)
- Klargjøring av varer for transport og noe interntransport av varer med servicebil (førerkort klasse B)
Kvalifikasjonar
- Du har motivasjon og interesse for oppgåvene
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø.
- Du er punktleg og påliteleg
- Du må kunne arbeide godt sjølvstendig
- Du tilpassar deg lett og er løysningsorientert og fleksibel
- Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer
- Du meistrar høgt tempo når situasjonen krever det
- Du har gjerne utdanning/erfaring innan logistikk/IKT og ei interesse for produktområdet
- Erfaring frå tilsvarande oppgåver i ei større verksemd er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Vi har tilsette som er ulike i veremåte og arbeidsform, og det liker vi!
- Du kan vere mykje forskjellig og likevel passe veldig godt inn hos oss
- Men nokre grunnhaldningar er vi likevel ute etter, som ærlegdom, fagleg interessert og arbeidsvillig
- Du er også pliktoppfyllande og lojal, kan og vil samarbeide, og du har god ordenssans
- Du er nysgjerrig, liker å jobbe med andre og vet at det er smart å spørre når du lurer på noe
- Fysisk god form
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Budbil
- Håndtere leverte pakker
- Klargjøring av terminal for mottak av pakker / gods
- Ledelse av logistikk
- SAP ERP Logistics
- Sette opp datautstyr
- Varemottak
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Ibsens gate 104, 5052 Bergen
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449814485
- Sist endret


