SHA/HMS-ansvarleg
Tussa
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på eit av dei mest spennande utbyggingsprosjekta i regionen?
Om stillinga
Dette er ei fast stilling som dei første fire åra vil vere sterkt knytt mot prosjektet Tussa II. Etterkvart vil HMS og kvalitetsarbeid i konsernet kunne bli ein del av rolla.
Som SHA/HMS-ansvarleg blir du bindeleddet mellom prosjektleiing, entreprenørar og arbeid i felt. Du får ansvar for å sikre at lover, forskrifter og interne krav blir følgde – og at SHA/HMS alltid kjem først.
Du er mykje ute i anleggsområdet, følgjer opp aktivitetane i felt og sørgjer for at førebyggande SHA/HMS-arbeid, risikoanalyse og tryggleikskultur blir ein naturleg del av kvardagen.
Vi søkjer etter deg som er:
Strukturert og ansvarsbevisst
Handlekraftig og modig
God relasjonsbyggjar
Engasjert i å utvikle tryggleikskultur
Løysingsorientert, men urokkeleg på SHA/HMS-krav
Erfaren innan anleggsarbeid ; gjerne innan tunnellarbeid
Viktige arbeidsoppgåver
Sikre at prosjektet fyl gjeldande regelverk, standardar og interne krav innan SHA/HMS
Løpande SHA-oppfølging av anleggsplass og andre pågåande prosjekt
Koordinering av sikkerheitstiltak mellom fleire aktørar på byggjeplass
Gjennomføre og følgje opp risikovurderingar, sikker jobbanalyse (SJA) og trygg-jobb-samtalar
Bidra til utvikling av ein sterk og open tryggleikskultur
Følgje opp avvik, iverksette tiltak og sørgje for læring internt i prosjektet
Vere ein tydeleg fagperson som tør å seie ifrå når SHA/HMS ikkje er ivaretatt
Samarbeide tett med prosjektleiing, entreprenørar og relevante myndigheiter
Kvalifikasjonar
Erfaring frå praktisk SHA-arbeid på bygg- og anleggsplass. Utdanning innan HMS er ein fordel.
Kjennskap til relevante lover og forskrifter (t.d. arbeidsmiljølova, internkontrollforskrifta, byggherreforskrifta).
God forståing for risikostyring, systemarbeid og dokumentasjon.
Gode samarbeidsevner og evne til å skape tillit.
Tydelig kommunikasjon (norsk og engelsk)
Evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
Vi tilbyr
Ei sentral rolle i eit av dei mest spennande utbyggingsprosjekta i regionen
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit solid selskap med høg aktivitet
Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
Gode ordningar som firmahytter og bedriftsidrettslag, og gode pensjons - og forsikringsordningar
Ferdigheter
- Ansvar for HMS
- Dokumentasjon
- Kjøre
- Kunnskap om relevante lover og forskrifter
- Risikoanalyse
- Risikostyring
- SJA
- Tunnelbygg generelt
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har ei årleg omsetning på om lag 900 mill. kr, og har over 300 medarbeidarar. Hovudkontoret ligg i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Tussa Energi
Tussa Energi er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Selskapet har hovudkontor i Ørsta og har i underkant av 30 medarbeidarar. Tussa Energi planlegg, byggjer og driv vasskraftverk, og kjøper og sel kraft i kraftmarknaden.
Tussa Energi er inne i ein aktiv periode med bygging av fleire småkraftverk, modernisering av eldre anlegg og oppgradering av dammar. No skal vi starte bygging av kraftvektet Tussa II på Bjørke i Volda kommune. Dette er eit stort og komplekst utbyggingsprosjekt som også inneber mykje tunnelarbeid og sprengingsarbeid. Sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA) står sentralt og vi søkjer etter ein trygg, kompetent og handlekraftig SHA/HMS-ansvarleg som vil spele ei nøkkelrolle i gjennomføringa.
- Sektor: Privat
- Sted: Langemyra 6, 6160 Hovdebygda
- Bransje: Bygg og anlegg, Konsulent og rådgivning, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, HMS, Teknisk sikkerhet/QHSE
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
hms, prosjektleiing, risikostyring, sikkerheitstiltak, risikoanalyse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449311447
- Sist endret


