Rådgjevar grovfôr
Norsk Landbruksrådgiving SA
- Frist 22.2.2026
- Ansettelsesform Fast
Norsk Landbruksrådgiving SA søkjer grovfôrrådgjevar på Haugalandet
NLR ha engasjerte og kunnskapsrike rådgjevarar, noko som har ført til at ein av rådgjevarane våre nå vil gjere draum til verkelegheit og utvide gardsdrifta si. Me har difor ledig inntil 100 % fast stilling innan fagområdet grovfôr. Rådjevaren skal betene produsentar i kommunane på Haugalandet. Kontorstad kan tilpassast etter kvar kandidaten bur. Me har kontor i Haugesund og Ølen.
Gjer ein skilnad – kvar dag!
I NLR SA står du midt i utviklinga av norsk matproduksjon. Du vil vere med å påverke retningsval og produksjon hjå næringsutøvarar i landbruket, og dermed gje eit viktig bidrag til utviklinga av landbruket og maten me alle er avhengig av kvar einaste dag.
Me i NLR er nysgjerrige på å finne nye og betre måtar å hjelpe kundane våre på! Våre tilsette si fagkompetanse og vilje til utvikling er avgjerande for å lukkast med oppdraget vårt. Me tek godt vare på folka våre, og oppmuntrar og legg til rette for personleg og fagleg utvikling.
Kven leitar vi etter?
Me søkjer ein sjølvstendig og initiativrik person med gode evner til skriftleg og munnleg kommunikasjon. Du trivst med ein variert arbeidsdag, mykje utearbeid om sommaren og har eit sterkt engasjement for agronomi og god drift hjå bonden.
Du må ha høgare landbruksfagleg utdanning og/eller relevant landbruksfagleg erfaring. Me oppmodar også erfarne produsentar om å søkje stillinga. Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere bil.
Arbeidsoppgåver:
Medlemsrådgjeving, individuelt og i grupper.
Interesse for kulturlandskap er ynskeleg, men ikkje eit krav.
Planlegge og gjennomføre fagmøte, kurs, prosjekt og feltforsøk
Utarbeide gjødslingsplanar og ta jordprøver
Klimarådgjeving
Skrive artiklar til nettsidar og fagblad
Avhengig av søkjarens interesse og kompetanse kan andre moglege arbeidsområde vere: foringsrådgjeving t.d. ammekyr, økologisk landbruk, grovfôrøkonomi, utarbeiding av rensepark, dreneringsplan, nydyrking og konsulentoppdrag som for eksempel matjordplanar, erstatningssakar med meir.
Vi tilbyr:
Inntil 100 % fast stilling.
Fagleg utfordrande arbeid i eit aktivt og godt arbeidsmiljø
Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
Triveleg arbeidsmiljø
Høve for heimekontor nokre dagar
Løn etter avtale
Gode pensjon- og forsikringsordningar
Ferdigheter
- Jordbruk
- Rådgivning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norsk Landbruksrådgiving SA (NLR) er eit landsdekkande samvirkeforetak med 24.000 medlemmar og 400 medarbeidarar. Med seks regionavdelingar og rundt 100 kontorstader, har NLR sterkt lokalt nærvær. NLR er bindeledd mellom forsking og landbruket, og innhentar, utviklar og samordnar kunnskap som rådgjevarane formidlar til næringsutøvarar i landbruket.
Våre tilsette jobbar med rådgjeving og utviklingsoppgåver innan jord- og planteproduksjon, økonomi, rekneskap, HMS, maskinteknikk, hydroteknikk, presisjonslandbruk, landbruksbygg, fornybar energi, klima og miljø. Vår visjon er “kompetanse for framtida”. Vi leverer aktuell, kunnskapsbasert, objektiv og heilskapleg rådgjeving og er ein attraktiv samarbeidspartnar for landbruket.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Industrigata 4, 5537 Haugesund
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Jordbruk og skogbruk, Konsulent og rådgivning
- Stillingsfunksjon: Agronom, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
nlr, landbruk, grovfôr, rådgivar, kulturlandskap
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 449183639
- Sist endret
