Bildegalleri
Eldre blå hamarøybunad med skjorte
Til salgs
Frakt fra 99 kr + Trygg betaling 224 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Størrelse: S
Farge: Blå
Eldre hamarøybunad (fra første halvdel av 50-talet, vil eg tru), samt linskjorte, vurderast solgt. Prisener førebels ikkje satt, da eg synest det er vanskelig å vurdere: Bunaden er gammal og sjeldan, men samstundes i dårleg forfatning. Kom gjerne med bod!
Bunaden og skjorta er sydd av grandtante og oldemor i Kabelvåg, og har kledd opp både konfirmant og brud. Eg har blitt fortalt at bl a kanteband er heimefarga.
Dessverre (!) er livet og stakken i dårlig forfatning - og originalt tilbehør har komen bort. Stakken har fire småhol, og livet har eit. Vidare er det nokre stoppa hol på stakken (ikkje synlege i bruk), synlege prikker frå broderinga, og generell slitasje spesielt på sømmane.
Bunaden var på rens og «quick fix» hos Husfliden for nokre år tilbake, og det ser ikkje ut som noko skal bli verre. Håper likevel nokon vil sette den i stand✨
Bunaden er relativt liten, og den kan ikkje leggast ut. Slik den er no vil eg seie at den er 36/small, men den kan kanskje passe best til ein 34/xs dersom ein skal sette livet i god stand? Den er også av litt kortare type, som ikkje er fotsid. Skjorta er også litt kort, så ein bør ikkje vere mykje over 170 høg. Ved interesse kan eg ta nøyaktige mål.
Bunaden er såpass gammal at den ikkje hadde eiga skjorte og sølv (og den var ikkje blitt standardisert til blå og brun, som i dag), og skjorta er difor skjorta til nordlandsbunaden.
Den andre skjorta på bildet er ei litt nyare til nordfjordbunaden - den kan selgast for seg sjølv ved interesse. Bunadsjalet ligg i eiga annonse. Sølja vurderast solgt: kom gjerne med bod.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 31.1.2026 kl. 21:41 ・ FINN-kode: 448909925
