Rådgjevar, nasjonalt legemiddelberedskapslager
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 15.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Rådgjevar, nasjonalt legemiddelberedskapslager
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er det største farmasifaglege miljøet på Vestlandet og føretaket er eigd av Helse Vest RHF.
Føretaket sitt beredskapsarbeid er tett knytt mot helseføretaka sine behov samt regionalt og nasjonalt planverk. Helse Vest og SAV ivaretek arbeid med å drifte nasjonale legemiddelberedskapslager (B180) for primær- og spesialisthelsetenesta.
Vår gode kollega skal ut i foreldrepermisjon og vi har ledig vikariat i eit år som rådgjevar, med oppstart i månadsskiftet mars/april 2026, eller etter avtale.
I stillinga vil du jobbe saman med resten av teamet og våre samarbeidspartnarar for å sikre god nasjonal legemiddelberedskap i spesialisthelsetjenesten og primærhelsetjenesten.
Stillinga er lagt til fagavdelinga/føretaksadministrasjonen i Sjukehusapoteka Vest i Bergen. Seksjon for legemiddelberedskap består av seksjonsleiar, fire rådgjevarar og ein controller.
Kan dette vera noko for deg? Då må du gjerne søkje på stillinga!
Kva skal du jobbe med?
- forvalting av nasjonale legemiddelberedskapslager (B180) i samarbeid med våre samarbeidspartnarar
- oppdatere og vedlikehalde arbeidsprosessar
- bidra til saksførebuing for spesialistgruppa for legemiddelberedskap
- bidra til oppfølging av avtalearbeid med legemiddelgrossistane
- andre arbeidsoppgåver etter avtale med leiar
Kva kompetanse må du ha?
- norsk autorisasjon som farmasøyt
- god digital kompetanse og systemforståing
- gode norske språkkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- kjennskap til arbeid med kvalitet- og arbeidsprosessar
- erfaring frå saksbehandling
- det er ei fordel med erfaring frå arbeid med legemiddelberedskap og levering av legemiddel til sjukehus
Vi ser etter deg:
- som er systematisk, strukturert og løysingsorientert
- som ser heilskapen og gjer gode vurderingar og prioriteringar
- som er initiativrik, sjølvstendig og bidreg til eit positiv arbeidsmiljø
- som taklar høgt arbeidstempo i periodar
Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på ved tilsetting
Vi tilbyr:
- stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- godt og uformelt arbeidsmiljø
- høve til fagleg og personleg utvikling
- løn etter avtale
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Generell legemiddelkunnskap
- Kvalitetsprosess
- Saksbehandle søknader
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 350 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv seks sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Møllendalsbakken 9, 5009 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Farmasøyt
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
apotek, farmasi, legemiddelberedskap, spesialisthelsetjenesten
Annonseinformasjon
- FINN-kode 448680805
- Sist endret

