Bildegalleri
Sal/byte: Kraftig oppgradert Tele
Til salgs
Frakt fra 119 kr + Trygg betaling 195 kr
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Gitartype: Elektriske gitarer
Dette er ein omtrent ubrukt, men tungt modifisert Harley Benton TE-62DB LPB. Ein på alle måtar god gitar utan plett og lyte. Denne bør få hjarta til å banke, og for ein rimeleg pris. Eg sel eller byter i annan og minst like god gitar. Les berre:
- Fender custom shop Texas Special-mikrofonar (kostar ca. kr 2500)
- Fender Vintage tele-bru (om lag kr 1000)
- Gotoh SD91-05M MG-T låsestemmeskruar (verdi ca. kr 1000)
- Oversal i ubleika bein (om lag kr 1000, med arbeid)
- Ein skikkeleg bag: Fender FET-610 gigbag i smakfull tweed-farge (kostar 750)
- Reim med Schaller straplok låsepinnar
- Nye strenger og nyjustert hjå gitarmakar med bandslip og polering.
Så, når han er så flott, kvifor sel eg han då? Jau du, denne gitaren har ikkje gjort noko anna gale enn å likne for mykje på ein eg har frå før. Eg må ikkje korkje byte eller selja, men vurderer byte dersom du har ein gitar som ikkje er ein Tele, og som er minst like god som denne. Det tyder skikkelege mikrofonar, god hals og band, og mekanisk og elektrisk problemfri. Strat eller anna er aktuelt, uansett helst med eit stabilt vib-system. Ein god bass er òg mogleg, kanskje. Merke er ikkje viktig, men tilstand og funksjonar er.
Eg kan sende, og pakkar godt.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 19.1.2026 kl. 20:47 ・ FINN-kode: 446985715