
Prosjekteringsleiar
Vestland fylkeskommune
- Frist 28.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Prosjekteringsleiar
Avdelinga Eigedom og utbygging (EIU) er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. I tillegg har avdelinga ansvar for utbygging av Bybanen sin infrastruktur. Avdelinga er delt inn i 5 seksjonar; Stab og forvaltning, System og utvikling, Utbygging, Drift og Bybanen Utbygging. Stillinga som prosjekteringsleiar har arbeidsstad Bergen og inngår i prosjekteringsteamet til seksjonen Bybanen Utbygging.
No søker vi ein prosjekteringsleiar til seksjonen Bybanen Utbygging – med arbeidsstad Bergen.
Hos oss får du ein unik sjanse til å bidra til eit av dei mest spennande samfunnsprosjekta i regionen. Bybanen Utbygging har ansvaret for å realisere nye byggetrinn i utviklinga av Bybanen i Bergen. Som prosjekteringsleiar blir du ein nøkkelperson i prosessen – frå reguleringsfase til prosjektering, bygging og overlevering til Bybanen AS.
Kvifor velje oss?
- Du blir del av eit sterkt fagmiljø med om lag 20 engasjerte medarbeidarar.
- Du får jobbe med komplekse og framtidsretta prosjekt, som byggetrinn 5 Sentrum–Vågsbotn.
- Du får ansvar og innverknad i eit prosjekt som betyr mykje for både byutvikling og miljø.
Prosjekteringsoppgåvene aukar stadig, og vi treng å styrke laget med ein ny prosjekteringsleiar. Er du klar for utfordringa? Då vil vi ha deg med på laget!
I 2023 inngjekk vi ein rådgivarkontrakt med CORAV. CORAV er et samarbeid beståande av Cowi, Rambøll og Asplan Viak. CORAV skal levera rådgivartenester for Byggetrinn 5 og det er denne prosjekteringskontrakten du skal jobba tett mot.
Arbeidsoppgåver
Di rolle hos oss:
- Følge opp prosjektering og sikre at prosjektet følgjer lover og regelverk i prosjektgjennomføringa.
- Sikre at dei ulike fagområda blir involvert tidsnok i arbeidet og være eit bindeledd mellom rådgivar og byggherre organisasjonen.
- Koordinere arbeider mellom leverandør, andre prosjekteringsleiarar, prosjekt- og byggeledere og fagkompetanse/fagansvar i prosjektet.
- Sikre val av gode tekniske, og heilskaplege løysningar og sikre at desse er forankra i Bybanens prosjekteringsveileder. Identifisere og rapportere avvik, fravik og andre forhold som ikkje er i henhold til lover og retningslinjer.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Minimum utdanning på bachelornivå frå universitet eller høgskule innan tekniske fag.
- Ønskeleg med prosjekteringserfaring frå prosjekter innan infrastruktur utbygging, veg, konstruksjon eller VA området.
- Erfaring med arbeidsforma VDC eller tilsvarende frå infrastrukturprosjekter
- Erfaring med å lede andre
- Sertifikat på bil klass B
Personlege eigenskapar
Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig.
Og du er:
- Etterretteleg, strukturert og sjølvstendig
- Løysningsorientert, kompetent, engasjert og liker å lede tverrfaglege team
- Evnar å samhandle proaktiv og open for nye utfordringar.
- Høg digital kompetanse med Microsoft produkter
- Kommuniserer klart og presist – både på norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Du vil få ein nøkkelrolle i eit stort, spennande og viktig samferdselsprosjekt i Bergen.
- Inngår i eit sterkt fagmiljø, med høg arbeidsmoral og et godt arbeidsmiljø.
- Muligheter for faglig utvikling og kompetansebygging.
- Fleksitid og gode ordningar for avspasering.
- Heimekontorordning
- Løns- og arbeidsvilkår etter kvalifikasjonar og i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
FerdigheterAI-generert
- Bygging av vann- og kloakkanlegg, og anlegg for elektrisitet og telekommunikasjon
- Digitale ferdigheter
- Forskrifter
- Norsk
- Prosjektering av byggeprosjekter
- Tekniske egenskaper
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Vestre Strømkaien 13, 5008 Bergen
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Prosjektledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Bybane, Leiar, Prosjektering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445947342
- Sist endret


