Sesongmedarbeidar
Stiftinga Norsk fjellmuseum
- Frist 15.2.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb ved Norsk fjellsenter og Klimapark 2469
Er du glad i naturen, fjella, dei hardføre dyra og plantane som lev der, og nysgjerrig på korleis klimaet påverkar alt? Er du i tillegg nysgjerrig på kulturhistorie og Noreg sine nasjonalparkar? Vi treng deg som kan formidle naturglede og kunnskap både i resepsjonen og utstillingane på Norsk fjellsenter og som naturrettleiar i Klimapark 2469 og istunnelen.
Norsk fjellsenter ligg midt i Lom sentrum og er ein viktig innfallsport til fjella og nasjonalparkane, Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. På Norsk fjellsenter har vi fleire utstillingar, blant anna landets største utstilling av brearkeologiske funn. Klimapark 2469 ligg ved foten av Galdhøpiggen ved Juvasshytta cirka 1850 moh. og er ein unik arena for formidling av klimaendringar, høgfjellsnatur, iskunst og brearkeologi.
Stillingar
Medarbeidarar ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 med arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, butikksal og formidling av natur- og kulturhistorie.
Oppgåvene kan variere noko frå dag til dag. Vi treng arbeidshjelp frå midten av mai til oktober, men det er mogleg å jobbe deler av denne perioda også. Vi er spesielt på utkikk etter folk som kan arbeide i heile juli.
Vi tilbyr
arbeidsoppgåver innan tur- og nasjonalparkinformasjon, guiding, resepsjons- og butikkarbeid, og formidling av natur- og kulturhistorie på Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469 og istunnelen.
eit triveleg og godt arbeidsmiljø
opplæring i forkant av sesongen
bustad i Lom dersom du har behov for det
elbil mellom Klimapark 2469 og Norsk fjellsenter
Kvalifikasjonar
Du må:
ha interesse for natur og friluftsliv og gjerne utdanning innan feltet
trivast ute
vere over 18 år og ha førarkort for personbil
evne å formidle munnleg godt på norsk og engelsk.
evne å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
evne å sjå dei besøkande og formidle god informasjon
kunne arbeide både ved Norsk fjellsenter og i Klimapark 2469
Merk deg at bustaden for sommartilsette ligg i køyreavstand frå Lom sentrum. Det er difor ein fordel om du disponerer bil sjølv eller allierer deg med nokon som har bil. Frå Norsk fjellsenter/sentrum og opp til Klimapark 2469 får du køyre jobbilen i lag med dei andre tilsette.
Lurar du på noko? Kontakt dagleg leiar Mai Bakken på telefon: 97 18 04 69 eller e-post: mai@norskfjellsenter.no.
Søknad og CV sendast innan 15. februar 2026 på e-post til mai@norskfjellsenter.no. Hugs å oppgi kva periode du kan jobbe.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Norsk fjellsenter er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellsenteret er ein del av Stiftinga Norsk Fjellmuseum, og er også forvaltningsknutepunkt. Fjellmuseet skal syne menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss.
Klimapark 2469 er ein utandørs formidlingoppleving ved Juvfonne, 1850 moh. Gjennom sommarsesongen har vi guida turar i dette landskapet som husat Noregs høgsliggande forskingsområde for klima og natur, der vi avsluttar turen i ein handhogd istunnell i Juvfonne. Tilbodet er utvikla i samarbeid med fagleg kompetente aktørar og tilrettelagt for eit breidt publikum. Vi formidlar innsikt i pågåande klimaprosessar, samspelet mellom natur og menneske i eit langtidsperspektiv.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 9
- Sted: Brubakken 2, 2686 Lom
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Kunst og kultur, Museer, gallerier og kulturminne, Reise og turisme
- Stillingsfunksjon: Museumsformidler
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
sommerjobb, norsk fjellsenter, klimapark 2469, fjell, natur
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445776851
- Sist endret