Lærling, IT-driftsfaget
Klepp kommune, IKT avdeling
- Frist 2.3.2026
- Ansettelsesform Lærling
Ønsker du å ha læretida i ein meiningsfull jobb?
Ønsker du å få kjennskap til IT-løysingar i alt frå barnehage og skule, kontorlokaler og teknisk drift til legevakt og sjukeheimar?
Ønsker du å følga utviklinga innan IT, både teknisk og med informasjonssikring og digitalisering?
Heile dette kinder-egget kan du få hjå oss i Klepp!
Frå august 2026 søker me etter lærling innan IT driftsfaget
Klepp er ein mellomstor kommune, der du som lærling får prøva deg på alt. Samstundes vil det og vera mogleg å finna område du er interessert i, og utvikla kunnskapen om dette.
I Klepp arbeider me aktivt med digitalisering, og du vil få vera med på mykje spanande arbeid. Me er òg i gang med å bygga nytt rådhus, kultursal og kyrkje der vår avdeling har med nettverk, print og IT- og AV-utstyr. Kommunen skal flytta inn i desse nye bygga medan du er lærling hjå oss.
Arbeidsoppgåver
- Installasjon, drift og vedlikehald av system
- Innkjøp, klargjering og forvalting av utstyr og programvare
- Arbeid med sikkerheit og feilsøking
- Utarbeida brukartilpassa dokumentasjon og gje vegleiing
- Brukarstøtte
- Deltaking i prosjekt
Kvalifikasjonar
- Du har bestått VG 1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Du har bestått VG 2 Informasjonsteknologi, eller er ferdig med dette juni 2026
- Norsk er arbeidsspråket i Klepp kommune. Du snakkar, les og skriv så godt at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
- Du kan tileigna deg fagstoff og forstå brukarmanualar skrivne på engelsk.
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du er punktleg og påliteleg og har god ordenssans
- Du tek personvern, informasjonssikkerheit og etikk på alvor
- Du er fleksibel, kan samarbeida og kommunisera med andre
- Du er glad i menneske og trivst med å hjelpa
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande kollegafellesskap
- Ein lærestad som har lang erfaring i å utdanne fagarbeidarar
- Ei IT-avdeling med brei kompetanse og stor variasjon i arbeidsoppgåver og ansvarsområde
- Interessante og spennande arbeidsoppgåver
- Tett og god oppfølging, vegleiing og evaluering, slik at me sikrar at du lærer det læreplanen krev for å bestå fagprøva
- Lønn i henhold til tariff
- Mobiltelefon og abonnement med fri mobildata
- Betalt fri til å ta kjøretimer i arbeidstida
- Klepp kommune er med i DigiJæren (eit IT-samarbeid mellom kommunane Klepp, Time, Gjesdal og Hå). Lærlingane i desse kommunane vil og møtast og få felles opplæring.
Tilsetting skjer på dei vilkåra og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei lovane og reglane som gjeld til ei kvar tid.
Kontaktinformasjon
Nils Arne Midtun, Digitaliseringssjef, +47 90612659Arbeidsstad
Kleppevarden 24350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5061272753
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 02.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445725262
- Sist endret