
Forskar på turfgras
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO)
- Frist 08.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Forskar på turfgras
Nøkkelinformasjon
Forskarstilling på temaet gras til grøntanlegg. Spennande prosjekt relaterte til anlegg og vedlikehald av plen og sportsgras, golfbanar, parker og revegetering av areal. På grunn av ei stor oppdragsmengd innan jord-/plantefagleg forsking og rådgiving, søkjer vi ein ny forskar. Stillinga er fast. Arbeidsstad vil vere Landvik ved Grimstad.
Hovudoppgåvene til stillinga
Arbeidet vil i hovudsak gå ut på å gjennomføre forskingsprosjekt, med veksling mellom praktisk feltarbeid og kontorarbeid, idémyldring, faglege diskusjonar i idrettsgressgruppa og sjølvstendige oppgåver. Saman med turfgrasgruppa skal du arbeide med å skaffe prosjekt ved å utarbeide og sende inn prosjektsøknader for å sikre nasjonal og internasjonal forskingsfinansiering. Prosjekta vil føre til både vitskaplege og populærvitskaplege publikasjonar. Arbeidet vil òg omfatte rådgivingstenester og oppfølging av kundar i Noreg og utlandet. Du vil ha eit særleg ansvar for å følgje med på FoU-marknaden for gress til golfbaner og andre idrettsbanar i Norden, og du må kunne formidle forskingsresultat gjennom føredrag og artiklar i nordiske og engelskspråklege fagtidsskrift og nettstader.
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning innanfor plantefag/ jordfag eller tilsvarande relevant emne på doktor- eller mastergradsnivå.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Språkkunnskapar: Meistre godt engelsk skriftleg og munnleg, i tillegg norsk skriftleg og munnleg, eventuelt eit anna skandinavisk språk. Sidan norsk er arbeidsspråket må kandidater som ikke kan norsk forplikte seg til å lære det innen 2 år.
Det er ein fordel om du har
- Kunnskap om skjøtsel av gras: Artar/sortar, gjødsling, plantesjukdommar, etablering og vedlikehald.
- Erfaring frå forskingsprosjekt på turfgras.
- Kjennskap til den norsk eller nord europeisk grøntanleggsbransjen, spesielt sportsgras.
- Erfaring med akkvisisjon, leiing og gjennomføring av FoU-prosjekt.
- Kunnskap om vitskapleg forsøksplanlegging og gjennomføring og behandling av forsøksdata.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Har initiativ og kreativitet
- Arbeider effektivt, sjølvstendig og nøyaktig
- Er ansvarsfull og målretta, god gjennomføringsevne
- Er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Liker utandørs feltarbeid
Vi tilbyr
- Moglegheit til å jobba med eit viktig samfunnsoppdrag med fokus på berekraft og framtidsretta prosjekt
- Utfordrande, spennande og varierte oppgåver i tverrfaglege team
- Ein fleksibel kvardag med moglegheit til å påverka eigne arbeidsoppgåver
- Eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer
- Ein raus personalpolitikk med velferdsordningar og fokus på dei tilsettes ulike livsfaser
Stillinga er plassert i det statlege lønsregulativ som forskar, stillingskode 1108/1109/1183, årsløn kr 585.000 - 960.000. Løna vert vurdert etter utdanning og erfaring.
Medlemskap i Statens Pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring, og tilbod om bustadlån til ei gunstig rente.
Les meir om NIBIO som arbeidsgjevar her: Jobb i NIBIO (https://www.nibio.no/om-nibio/jobb-i-nibio?locationfilter=true)
Korleis søkja på stillinga
CV fyllast ut elektronisk og sendast via lenkje på denne sida, "søk stillinga". I staden for søknadsbrev ber vi deg svare på nokre spørsmål.
Vitnemål og attestar skal takast med ved eit eventuelt intervju, eller leggjast ved elektronisk.
NIBIO gjennomfører bakgrunnssjekk på aktuelle kandidatar via samarbeidspartnaren vår Semac AS.
Video: https://youtu.be/6mZySoUgD2Q
Andre opplysingar
Vi legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkja - uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Som statleg verksemd har vi moglegheit til å gi ein positiv særbehandling for søkjarar som har funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn. Positiv særbehandling inneber mellom anna at du lettare vil komma til intervju.
Les meir om dette her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten).
Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjaren kan verte gjorde offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25. Ein søkjar kan be unntak frå oppføring på den offentlege søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
FerdigheterAI-generert
- Administrere stipendsøknader
- Forskningsprosjekt
- Nordisk spåk
- Pleie av gressplen
- Prosjektgjennomføring
- Utføre feltarbeid
- Utføre feltundersøkelser
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
NIBIO arbeider med landbruk, mat, klima og miljø. Vi leverer forsking, forvaltingsstøtte og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvalting, næringsliv og samfunnet elles.
NIBIO har hovudkontor i Ås i Viken, har om lag 750 tilsette, og er til stades i alle landsdelar. Landbruks- og matdepartementet er eigar av NIBIO.
Du finn informasjon om NIBIO sin stasjon Landvik her.
Avdeling Grøntanlegg og vegetasjonsøkologi utførar forsking, rådgjeving og overvaking innan emnar som; turfgras, grøne byar med multifunksjonell infrastruktur i park- og idrettsanlegg, grøne tak, design av jord- og vekstmediar, revegetering, vegetasjonsovervaking, revegetering av forstyrra areal, biotoprestaurering, vegetasjonsøkologi, jordflytting / lausmassehandtering, konsekvensutgreingar av arealkrevjande utbyggingsprosjektar.
- Sektor: Offentlig
- Sted: NIBIO Landvik, Reddalsveien 215, 4886 Grimstad
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Jordbruk og skogbruk
- Stillingsfunksjon: Biolog, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Annonseinformasjon
- FINN-kode 445231044
- Sist endret


