Bildegalleri
Div. lydutstyr: Soundcraft Si Performer 1, Bose F1-rigg, mikrofonpakke ++
Til salgs
20 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Er du på jakt etter eit komplett, skalerbart og driftssikkert system for live-lyd?
Eg sel min Soundcraft Si Performer-pakke og Bose F1-rigg då utstyret diverre blir ståande ubrukt. Dette er utstyr som passar perfekt for band, utleige eller faste installasjonar som treng ein kompakt, men kraftig kontrollflate.
Soundcraft Si Performer 1: 20 000 kr
Dette er ein unik miksar som ikkje berre handterer lyd, men som òg har innebygd DMX-lysstyring. Miksaren er montert i ein solid flightcase med hjul og doghouse for ryddig kabling.
Dette føl med miksaren:
• Analog 16/4 multikabel: Ca. 50 meter på trommel med Harting-kopling (hurtigkopling) ferdig lagt opp i doghouse.
• MADI/USB Combo Card: Gjer det mogleg med fleirspors opptak (inntil 32 spor inn/ut) rett i DAW.
• Trådlaus router: For enkel fjernstyring via nettbrett eller mobil.
• Tilstand: Lite brukt, framstår som velhalde.
Tilleggsutstyr / oppgradering: 8 000 kr
For eit endå meir moderne og fleksibelt oppsett, kan du kjøpa med følgjande:
• Soundcraft Mini Stagebox 16: (16 inn / 8 ut) – gjev deg fleire kanalar og enklare kabling på scena.
• 50 meter Ethercon-kabel på trommel: For digital overføring mellom miksar og stagebox.
• Stageboxen leverast ferdig montert i rack saman med ein 6-kanals hovudtelefonforsterkar (Alto HPA6), ideelt for kabla in-ear monitorering.
• Ved kjøp saman med Performer 1 går denne pakken for 5000 kr.
Bose F1 Komplett Rigg: 30 000 kr
Ein potent og fleksibel PA-rigg som er kjend for å levera krystallklar lyd med god spreiing.
• Subbane er bygde om til PowerCon-kontaktar for tryggare og raskare oppkobling.
• Det følgjer med XLR-kablar i rett lengd mellom sub og topp, samt spesiallagde straumkablar som gjer at du berre treng éin plugg i veggen per side (straum til både sub og topp via same kabel).
• Tilstand: Ein del bruksmerker, men i god teknisk stand.
Mackie SRM450 v3 i bag, 2 stk.: 10 000 kr
• Inkl. 2 stk tripod-stativ
• Tilstand: Lite brukte. Framstår som velhaldne.
Mikrofonar:
3 stk. Sennheiser e904 – veldig lite brukte – 1000 kr/stk
1 stk. Sennheiser e906 – veldig lite brukt – 1000 kr
1 stk. Shure PG52 – veldig lite brukt – 500 kr
2 stk. Shure SM57 godt brukte – 400 kr/stk
1 stk. Shure Beta 58 godt brukt – 700 kr
1 stk. Shure Beta 87 godt brukt – 1500 kr
2 stk. AKG D5 – godt brukt – 400 kr/stk
1 stk. AKG D125 – lite brukt – 700 kr
1 stk. AKG D3800 – litt brukt – 800 kr
Mikrofonkasse:
Road Ready RRM12S – 1 000 kr
• Profesjonell mikrofon-flightcase med plass til 12 mikrofonar og eige rom i lokket for klyper/utstyr.
DI-boksar:
• 2 stk. Pro Co DB-1 (forskjellige chassi på dei to) – 400 kr/stk
Div. XLR på trommel – 4 000 kr
• Trommel med x antal kablar på totalt x meter 😄. Greitt systematisert med tapefarge etter lengd på kablane. Litt ymse produsentar på kablane, men alle skal fungera fint og dei fleste har Neutrik- eller Klotz-pluggar
Stativ i solid flight på hjul: 5 000 kr
• 3 stk. stor roundbase
• 3 stk. liten roundbase
• 4 stk. låge stativ for roundbase
• 2 stk. høge (vanlege) stativ for roundbase
• 5 stk. tripod
• Alle stativ i kassen er K&M
• Tilstand: godt brukt, men i god teknisk stand.
Neutrik XLR-pluggar:
• NC3MXX, 13 stk. – dei fleste er uopna – 600 kr
• NC3FXX, 19 stk. – dei fleste er uopna – 1000 kr
Ekstra multikabel 16/4 på trommel m/hjul, 30 m: 1 500 kr
Dette er ein solid (og tung!) analog arbeidshest. Litt utdatert i ei digital verd, men fungerer feilfritt.
Kabel:
• Klotz OT206YB.100 100m OmniTRANS 2x 0.22mm² – uopna rull – 3000 kr
Toppkvalitets 110-ohms kabel. Perfekt for digital lyd eller som DMX-kabel til lysstyring.
GaffGun bundle:
Spar ryggen og reduser tidsbruken under rigging. Dette er det ultimate verktøyet for å leggja ut teip over kablar på sekundet medan du går.
Pakken inkluderer:
- GaffGun med nedre handtak.
- Extension handle
- CableGuide – Small
- CableGuide – Medium
- CableGuide – Large
- FloorGuide
1 lite brukt: 2000 kr
1 ny og uopna: 3000 kr
Utstyret kan seljast helst samla, men kan seljast oppdelt etter avtale. Kan sendast mot førehandsbetaling av vare(r) og frakt.
TOTALPAKKIE: Få absolutt alt i annonsen for 80 000 kr!
Ta kontakt for ein hyggjeleg prat om utstyret eller for å avtala vising/testing!
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 8.1.2026 kl. 23:23 ・ FINN-kode: 445141084
