Bildegalleri
Tjuvgods i omløp
Til salgs
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Hei!
Øvingslokalet vårt har blitt utsett for eit innbrot. Så lokale kjeltingar skal nok prøve å omsette dette på eit vis. Har mine tvil til at det kjem ut her på finn, men på seg sjølv kjenner ein jo andre, så vi er nok mange her inne som ser etter utstyr på fleire frontar:) Om de høyrer eller ser noko om tinga eg har lista opp under, send meg ei melding!
Bilda av instrumenta er henta frå nettet og ikkje av våre. Dette av omsyn til identifisering. Vi har kjennemerker som serienummer, oppgraderingar, eigenskapar og særeigenheiter som vi kjenner igjen.
Dette er instrument vi har kjøpt og samla på opp gjennom, sidan tidleg 20åra. Enkelt ting har større affeksjonsverdi enn andre, men alt er kjøpt med meining og eit ynskje om å eige nettopp eit slik instrument. Utanom casioen, den var eit spontant innfall.
Vi er på som haukar her på finn og andre plassar der instrument blir selt, men all hjelp er kjærkome!
Sprei ordet!
Deg evig takk skuldig, fire fattigare fyrar!
Bassar:
Gibson EB-2D i Cherry frå 1966
Danelectro Longhorn i copper brust
Epiphone Jack Casady i metallic gold
El-gitarar:
Gibson Les Paul Custom i Ebony frå 2007
Fender Am Pro II Telecaster Deluxe
Yamaha SA503 TVL (ikkje denne https://www.finn.no/recommerce/forsale/item/399554395, for det finnast i alle fall to av desse i Noreg)
Akustisk gitar:
Gibson Advanced Jumbo
Leikety og random inspirasjon:
Casio DG-20
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 7.1.2026 kl. 00:21 ・ FINN-kode: 444795368