Bildegalleri
Norges dyraste/billigaste skinnsofa selgast/gis vekk
Til salgs
150 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Fått bud på: 1000,-
Det starta so bra.
Eg kjøpte denne skinnsofaen og var skikkeleg fornøgd. Cirka 310 cm lang, veg rundt 170 kg. Heiltre, ekte skinn, skikkelig kvalitet.
Skinnet er mjukt på ein måte som berre ekte lær kan vera. Det formar seg etter kroppen din. Det åndar. Det lever. Kvar gong du set deg ned kjenner du at dette er noko som er laga for å vare, for å bli brukt, for å bli elska. Saumane er perfekte. Polstringa er fast men gir etter akkurat nok. Dette er ikkje ein sofa du synk i, dette er ein sofa som held rundt deg som ein god, varm klem.
Og putene? Ah, dei fantastiske putene. Dei er sydd fast i sofaen. Dei flyttar seg ikkje. Dei sklir ikkje ned på golvet frå sofaen. Dei beheld formen sin som ein gresk gud. Du slepp heile den evige kampen med tullete lausputer som fell av, som må puffast opp kvar dag og som alltid ligg der dei ikkje skal.
Den perfekte sofa, altså.
Men sambuaren? Ho kalla den “litt jævlig” første gongen ho såg den. Fargen, sa ho.
Oransje? Kanskje.
Cognacbrun? Ja, vil sei det.
Rosa?! Ja.. i sollys er den litt rosa òg.
Sjel har den vertfall.
Men, eg fekk behalde den! Det var ein god dag.
So vart ho gravid..
Litt etter litt begynte sofaen å irritera ho meir, og meir, og meir. Men det var ikkje fargen som var problemet, men lukta av deilig italiensk skinn.
Ein dag sat eg i sofaen, stod opp, og gav ho ein klem. Ho kasta opp. Neste dag vart sofaen nedgradert til kjellarstova der den no fortsatt står.
Gravidnase er ingen spøk men for folk som ikkje er gravide: den luktar heilt vanlig. Den luktar skinn.
Eg prøvde å få den inn i varmen att med å få rensa den skikkelig. Den er no blitt grundig rensa og skinnet har blitt stelt. Men eg må likavel sjå slaget som tapt og sofaen må ut av hus. Lukta av skinn blei for mykje.
So no står min kjære venn her, velstelt og overlate til sitt eige øyde, medan eg ligg på erstatningen, ein beige IKEA-sofa laga av sponplater, og græt litt inni meg når eg skriv denna annonsen.
Detta er sofaen for deg som tør å ha litt personlegheit i stova, som ikkje vil ha grått-kvitt-beige-helvete som alle andre, so faktisk likar at møblar har karakter og er skikkelig laga. Den passar òg ein ungkar som er på jakt etter verdens mest behagelige sofa.
Nokre få ubetydelege slitasjemerke i skinnet finst (sjå bilder), men elles er den i veldig god stand. Enormt mykje sofa att.
Henting: Lærdal. Du treng hengar eller stor bil, og helst ein venn med rygg som funkar. Den kan delast opp i to der kvar del veg ein 80+ kg. Eg kan hjelpa til, men eg lovar ingenting etter at me får den ut døra.
Pris: Eg vil på ingen måte kvitta meg med den, derav salgsprisen, men sambuaren min kunne ha kasta den på dynga berre for å få den ut. Så ein plass mellom dei to ytterpunkta blir det nok. So får me sjå kven som trekk det lengste strået. Eg er litt redd for at eg tapar det slaget òg. Hjelp.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 5.1.2026 kl. 11:36 ・ FINN-kode: 444348521

