Bildegalleri
Bosse Shaggy Roll Neck frå Berg & Berg i M
Til salgs
Frakt fra 25 kr + Trygg betaling 112 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Størrelse: M
Farge: Oransje
Sel ein fint brukt rollneck/høghalsa gensar frå Berg & Berg i storleik medium i børsta shetlandsull. Fargen heiter rust, men ser i stor grad oransje ut.
Gensaren blei kjøpt for eit par år sidan frå bergbergstore.com og er frå F/W-kolleksjonen deira i 2023. Stoffet er 100% rein ny ull, og den er produsert i Skottland.
Den er fin å sjå på og held varmen godt, men dessverre eit den eit knepp kortare i liv og ermer enn eg foretrekk. For tida går eg heller opp i storleik for litt meir rom og komfort. For referanse er eg 1.89 høg og 75 kg. Måla er ca. 53 cm under armane, ca. 73 cm i lengda og ca. 73 cm frå hals til enden av ermet.
Det einaste eg finn av slitasje er litt på olbogene der stoffet ser ut til å vere strekt slik at det blir litt slappare. Det kan også hende at børstinga er litt svakare/slitt vekk her også grunna friksjon mot armlener og slikt. Dette har derimot ikkje plaga meg, eller vore noko eg har lagt merke til. Så her er det mange år med bruk att.
Gensaren er behandla fint, aldri blitt vaska, og er lufta etter bruk og så blitt lagt saman inne i skapet. Hengaren var altså kun for bilettaking.
Kan hentast på Bøler eller sendast mot betaling.
Søkjeord: berg&berg, bergberg, børstet shetlandsull
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.1.2026 kl. 17:07 ・ FINN-kode: 444267259