Bildegalleri
Godt brukt svart Exentri-lommebok
Til salgs
Frakt fra 25 kr + Trygg betaling 39 kr. Frakten er på tilbud – ordinær pris er 39 kr.
Trygg handel med Fiks ferdig
Varen sendes til deg, og du har 24 timer til å inspisere den før pengene overføres til selgeren.
Beskrivelse av varen
Tilstand: Godt brukt - Synlig brukt
Sel ei godt brukt lommebok av merket Exentri. Den er svart og i skinn med innerstoff i nylon e.l. Dette har vore hovudlommeboka mi i fleire år, så den er godt brukt/slitt, men den burde ha nokre år att i seg. Etter at eg fekk ny lommebok til jul treng eg den derimot ikkje lenger.
Lommeboka har ei seddellomme og plass til mange kort. Det er 6 kortlommer i den, men eg har hatt fleire kort i kvar kortlomme, så eg tippar det er plass til 10-12. Sidan eg har hatt fleire kort i den enn tiltenkt er skinnet litt strekt ut, så eg vil anbefale å ha fleire enn eitt kort i kvar lomme for at korta skal halde seg i lommeboka.
Lommeboka ber preg av slitasje, særskild på utsida. Der kan ein sjå innermaterialet på begge sidene (metall på den eine sida, og stoff/papp (?) på den andre). Det er også slitt gjennom skinnet på hjørna av kortlommene på utsida. På innsida ser den ganske bra ut. Sjå bileta for å sjå meir av slitasjen. Men den er altså veldig godt brukt, men absolutt funksjonell. Sel den difor billeg.
Skinnet på lommeboka har blitt behandla med nøytralfarga Saphir Creme universelle-krem og børsta med skobørste for å tilføre litt meir fuktigheit og reinse den.
Kan hentast på Bøler eller sendast mot betaling.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 3.1.2026 kl. 15:29 ・ FINN-kode: 444253659