Bildegalleri
Scott Strike eRide 940 – kjøpt i midtlivskrise, seld av ein pudding (som ny!)
Til salgs
49 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Merke: Scott
Sykkeltype: Elektrisk
I eit svakt augeblikk i 2022 (les: mild midtlivskrise) fekk eg det for meg at eg skulle bli ein sånn person som driv med adrenalintung downhill-stisykling i bratte fjellsider, gjerne med hjelm med GoPro og skrammer på leggane.
Eg kjøpte difor dette dyret av ein sykkel: ein Scott Strike eRide 940 fulldempa el-terrengsykkel — bygd for fart, røff sti, røter, stein, dropp og høg puls.
Problemet?
Eg er… ikkje den personen.
Eg er meir… kakao i termosen, ullgenser og “oj, der var det litt bratt, eg trur eg triller ned bakken der eg”-typen.
Resultatet er at sykkelen:
➡️ aldri har sett ein skikkeleg sti
➡️ aldri har vore i lufta
➡️ aldri har vore i nærleiken av noko som kan kallast “downhill”
Den er kun brukt eit par mil på flat asfalt, i låg fart, med høg puls og djupt konsentrasjonsfjes.
Så: Dette beistet fortener betre enn å vere verdas mest overdimensjonerte pendlesykkel.
Om sykkelen:
Scott Strike eRide 940 (fulldempa)
Kjøpt ny i 2022
Bosch Performance CX motor
Integrert Bosch-batteri
Hydrauliske skivebremser
29" hjul
Kun køyrt eit par mil totalt
I praksis som ny - kun litt rust på kjedet, som dei med kjærleik for denne sporten sikkert fikser i ein fei!
Kven bør kjøpe denne?
Du som:
✔️ faktisk likar sti, fart og terreng
✔️ ikkje får puls av ei lita grusbakke
✔️ kan gje dette dyret eit liv med jord på dekka og smil i nedkøyringane
Sykkelen ønskjer seg no ein ny eigar som kan få fram det ville i dette dyret av eit framkomstmiddel.
Eg lover: den er klar.
Berre eg var ikkje det 😄
Ta kontakt om du vil gi den eit meir spennande liv enn eg gjorde. Eg er open for seriøse bud.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 2.1.2026 kl. 19:31 ・ FINN-kode: 444121692