
Seniorrådgjevar til arbeidet med globale utsleppsreduksjonar
Klima- og miljødepartementet
- Frist 5.1.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og bidra til global utsleppsreduksjon og omstilling?
Vi i seksjon for internasjonalt klimasamarbeid vil no styrkje laget med fleire nye faste stillingar. Regjeringa vil, som eit risikoreduserande tiltak for å nå Parismålet for 2030, sørge for opptil 15 millionar tonn utsleppsreduksjonar[1] i land som Senegal, Zambia, Marokko og Indonesia. Utsleppsreduksjonane blir overførte til Noreg som klimakvotar, som kan inngå i Noregs oppfylling av Parisavtalen. KLD har ein budsjettfullmakt på 15 milliardar kroner til arbeidet. Seksjonen følgjer opp arbeidet gjennom Initiativ for globale utsleppsreduksjonar (nigu.no). Her samarbeider vi med Verdsbanken, Asiabanken og Global Green Growth Institute, og har avtalar med ei rekkje tredjeland.
Seksjonen sine ansvarsområder inkluderar vidare mellom anna arbeid med fleksibilitetsmekanismane innanfor EU sitt klimarammeverk, klimafinansiering, bilateralt miljøsamarbeid med Kina og India, og arbeid med superforureinarar.
[1] Prop. 1 S (2025-2026) - regjeringen.no (https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-20252026/id3123599/)
Arbeidsoppgåver:
Saman med resten av seksjonen skal du bidra til utsleppsreduksjonar og omstilling i utvalde utviklingsland, og vere med på å arbeide for at Noreg når måla i Parisavtalen for 2030.
I stillinga som seniorrådgjevar vil du:
- utarbeide gode forslag til korleis Noregs arbeid under Parisavtalen sin artikkel 6 kan utløyse meir privat kapital. Dette handlar både om å sikre at samarbeida blir utforma slik at dei er attraktive for privat sektor, og synleggjere kor mykje privat kapital samarbeida utløyser
- sørgje for god framdrift og kvalitet i kvotesamarbeidet i utvalde land og/eller fond. Indonesia og Zambia er særleg aktuelt
- setje deg godt inn i politikk og rammevilkår i utvalde sektorar i samarbeidsland, og bidra til at programma utløyser utsleppsreduksjonar som elles ikkje ville ha skjedd
- forhandle fram kjøpsavtalar på vegne av Noreg, i samarbeid med resten av teamet
- bidra til kompetanseoverføring til resten av teamet, særleg knytt til privat sektor, energiomstilling og kontraktsforhandlingar
- ha økonomiansvar, spesielt knytta til statsbudsjettet
I samarbeid med kollegaer vil du òg:
- bidra i det løpande arbeidet under Initiativ for globale utsleppsreduksjonar (NIGU)
- vurdere forslag frå samarbeidspartnarar som Verdsbanken, Global Green Growth Institute og Asiabanken. Dette kan til dømes vere forslag til program som sørgjer for utsleppsreduksjonar, kvotekjøpsavtalar og nye fondsavtalar
- vurdere nye samarbeid og avtaleinngåingar med organisasjonar og land
- ha dialog med myndigheter i samarbeidsland
- sikre at norske prosjekt følgjer regelverket under Parisavtalen sin artikkel 6
- bidra til ekstern kommunikasjon nasjonalt og internasjonalt
- representere Noreg i styrer for karbonfond eller hos samarbeidspartnarar
- gi råd til politisk leiing og sikre god forankring av avgjerder
- bidra til å oppretthalde det gode samarbeidet internt og med nasjonale og internasjonale aktørar
- bistå med andre oppgåver innanfor avdelinga sitt ansvarsområde
Klimapolitikken både nasjonalt og internasjonalt vil påverke stillinga, og arbeidsoppgåvene kan endrast for å kunne følgje opp aktuelle satsingsområde.
Stillinga inneber betydeleg reiseverksemd til land utanfor Europa.
Vi søkjer deg som har:
- relevant mastergrad, gjerne innan økonomi og politikk
- minst fem års relevant erfaring for stilling som seniorrådgjevar, fortrinnsvis både frå departement og privat sektor
- erfaring frå internasjonalt arbeid med utsleppsreduksjonar
- erfaring frå energibransjen i utviklingsland
- svært god rolleforståing, til dømes i dialog med internasjonale samarbeidspartnarar og politisk leiing
- svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
I tillegg vil det vere ein fordel om du har:
- kjennskap til/erfaring med gjennomføring av Parisavtalen sin artikkel 6
- erfaring frå kontraktsforhandlingar
- kjennskap til kva slags prioriteringar KLD sine samarbeidsland har for artikkel 6-samarbeid. Sjå www.nigu.no (http://www.nigu.no) for liste over land
Stillinga krev at du blir autorisert for tilgang til informasjon gradert BEGRENSET etter sikkerheitslova. Sjå nsm.no for meir informasjon.
For å lukkast i stillinga trur vi at du:
- arbeider strukturert og nøyaktig, med evne til å setje mål og sørgje for eigen framdrift
- jobbar strategisk, sørgjer for forankring og er etterretteleg
- bidrar til heilskaplege løysingar gjennom godt samarbeid og medvit om eigen rolle og ansvar
- er strategisk, utviklingsorientert og har god vurderingsevne
- handterer høgt arbeidstempo og har god gjennomføringsevne
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
•Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Du får ei unik moglegheit til å bidra til store klimagassreduksjonar og samstundes jobbe med eit fagfelt i utvikling og med stor politisk merksemd
- Du får gi faglege råd til politisk leiing
- Du kjem inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer, med eit godt arbeidsmiljø der folk heiar på kvarandre
- Du får høve til å jobbe internasjonalt og med gjennomføring av Parisavtalen sin artikkel 6
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter. For å nemne noko vil du som nytilsett delta i vårt introduksjonsprogram og få tilbod om kurs i regi av Departementsakademiet
- Du får fleksible arbeidstidsordningar og betalt overtid
- Du får medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår for lån, forsikring og pensjon som sikrar deg og dine næraste
Vi er opptekne av å ha eit berekraftig arbeidsmiljø med fokus på trivsel og eit lærande fellesskap. Tilsette har eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida i veka. Vi har mellom anna eit eige kor, ei eiga revygruppe, eit bedriftsidrettslag og eigne instruktørar for yoga, sirkeltrening og pilates. Våre moderne lokale ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, med eigen sykkelparkering, eige trimrom og subsidiert kantine. Les meir om å jobbe i KLD her (https://www.regjeringen.no/no/dep/kld/stillinger/Jobbe-i-Klima--og-miljodepartementet/innsiktsartikler-jobbe-i-kld/mot-vare-medarbeidere/id2005908/).
I starten av 2026 flyttar Klima- og miljødepartementet inn i nytt regjeringskvartal i den nye moderne A-blokka. Les meir her (https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og-eiendom/regjeringskvartalet/nar-flytter-departementene-inn-og-nar-er-nytt-regjeringskvartal-ferdig/id3032581/).
Løn:
Årsløn frå kr 670 000 - 880 000 i stillinga som seniorrådgjevar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast. Avhengig av dine kvalifikasjonar og antal år med relevant arbeidserfaring vil du bli innplassert jf. departementet sin personal- og lønnspolitikk.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. For tilsette fødde i 1963 eller seinare vil departementet i tillegg betale inn ein premie, slik at den totale pensjonssparinga utgjer 15 prosent av løna di.
Vi er opptekne av mangfald og inkludering:
Vi ønskjer å rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgivar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Det betyr at vi ønskjer deg med ulik arbeids- og livserfaring, som av ulike grunnar ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere, velkomen som søkjar.
Generell informasjon:
- Når du trykkjer på «Søk stillinga» kjem du over i rekrutteringsportalen og må logge deg inn.
- I portalen er det viktig at du fyller ut CV-felta. Dette er nødvendig for mellom anna å ivareta kravet om fullstendige søkarlister
- Du treng ikkje skrive eller laste opp søknadsbrev. Vi ønskjer heller at du svarar på nokre få screeningspørsmål direkte i portalen
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar
- Dersom du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjend av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no)
- Dine personopplysningar vil bli oppbevarte i tråd med GDPR
- Det blir gjort merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bedt om å bli unnateken frå søkjarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand. Det vil òg bli utarbeidd utvida søkjarliste av CV-opplysningar som blir registrerte i portalen. Ta kontakt med oss før du eventuelt registrerer opplysningar av sensitiv eller sikkerheitsmessig karakter. Alle søkjarar har rett til å gjere seg kjende med utvida søkjarliste
FerdigheterAI-generert
- Avtaleforhandlinger
- Budsjettarbeid
- Forskrifter
- Kommersiell forhandling
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Klimaavdelinga har ansvar for nasjonal politikkutvikling og internasjonalt arbeid innanfor klimaområdet. Avdelinga har òg ansvar for lokal luftkvalitet og bilateralt klima- og miljøsamarbeid.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kongens gate 20, 0153 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forhandling, Rådgivning, Samfunnsøkonomi
Nøkkelord
klimakvotar, utslippsreduksjon, internasjonalt samarbeid, klimapolitikk, KLD
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442546598
- Sist endret