Kantor/ kyrkjemusikar
Stavanger kirkelige fellesråd
- Frist 18.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Kantor/ kyrkjemusikar
Stavanger kyrkjelege fellesråd har to ledige stillingar som kantor/kyrkjemusikar i Finnøy kommunedel.
Stillingane er på Talgje, som er landfast, og øyane Halsnøy, Ombo og Sjernarøyane, som ikkje er landfaste. Viser til finnoykyrkja.no for meir informasjon om oss. Det er mogleg å kombinere dei to stillingane eller søkje på delar av stillingane. Me legg til rette for at stillingane kan kombinerast med annan jobb.
Kyrkja i Finnøy har tre sokn, Hesby, Talgje og Sjernarøy, og seks øyar med kvar sin gudstenestestad. Kvar øy har sitt særpreg og sin kultur med ulike utfordringar og styrker. Me har felles stab som består av to sokneprestar, dagleg leiar, diakonimedarbeidar, kyrkjelydspedagog, kantor, kyrkjelydsarbeidar, samt kantor, klokkar og kyrkjetenarar i mindre stillingar på dei ulike øyane.
I tillegg til desse stillingane består staben av sokneprest, dagleg leiar, diakonimedarbeider, kyrkjelydspedagog, kantor, menighetsarbeider og klokkar, og kyrkjetenar lokalt i mindre stillingar.
30 % stilling med tenestestad i Sjernarøy og Jørstad kyrkjer og på Halsnøy bedehus
Sjernarøy kyrkje har eit Rieger-Kloss-orgel med 11 stemmar, to manual og pedal. Jørstad kyrkje har eit orgelpositiv med eit manual og tre stemmer. Det er piano på alle gudstenestestadene. Det er gudsteneste to søndagar per månad, den eine med tenestestad både Halsnøy og Jørstad, den andre søndagen i Sjernarøy kyrkje.
10 % stilling med tenestestad i Talgje kyrkje
Talgje kyrkje har eit orgel frå Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk frå 1980. Det har tolv stemmer fordelt på to manual og pedal. I tillegg er det piano i kyrkja. Det er gudsteneste ein søndag i månaden. Kyrkjelyden er vane med eit variert musikalsk uttrykk, og både frivillege barn og vaksne medverkar aktivt til dette.
Skriv i søknaden kva for ei stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgaver
- Leiar for den kyrkjemusikalske veksemda i kyrkjelyden
- Medverka og inspirere til eit variert og breitt musikkliv i kyrkjelyden
- Planlegging og gjennomføring av forordna gudstenester, i samarbeid med prest
- Tenestegjering ved kyrkjelege handlingar som gravferder og vigsler er ein del av stillinga, det vil bli vist fleksibilitet viss søkjar har annan jobb ved sida av
- Deltaking enkelte kveldar i samband med kulturelle arrangement i kyrkjene
- Medansvar for tilsyn av kyrkjene sine instrument
Kvalifikasjoner
- Godkjent kyrkjemusikalsk utdanning i henhold til tenesteordning for kantor
- Faglig relevant musikkutdanning/ erfaring kan og bli vurdert
- Kunne spele piano eller orgel og leie allsong
- Erfaring med gudstenestepraksis i Den norske kyrkja
- Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlige egenskaper
- Pedagogiske ferdigheter
- Gode samarbeidsevner
- Kontaktskapande og relasjonsbyggande
- Evner til sjølv å ta initiativ
Vi tilbyr
- Fellesskap med kantor og andre kyrkjelege medarbeiderar
- Lønn i henhold til avtaleverket på kirkelig sektor
- Stavanger kirkelige fellesråd har gode forsikrings- og pensjonsordninger, pliktig medlemskap i KLP med 2 % trekk i brutto lønn
Andre opplysninger
- Den tilsette må vere medlem av Den norske kyrkja
- Det stilles krav om politiattest i hht Trossamfunnsloven § 20 før tilsetting
- Helgearbeid og noko kveldsarbeid må påreknast, samt arbeid enkelte helgedagar i jula, påsken og andre høgtidsdager
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
- Det vil bli lagt opp til prøvespeling på orgel og/ eller piano
- Den som blir tilsett bør disponere eigen bil, eventuelt ha tilbod om tilrettelagt transport
- Ved tilsetting blir ein tilsett i Stavanger kyrkjelege fellesråd med arbeidsstad for tida i Halsnøy, Jørstad og Sjernarøy kyrkjelydar eller Talgje kyrkelyd
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Pipeorgel
- Spille piano
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Postboks 201, 4001 Stavanger
- Bransje: Kirke og menighet, Kunst og kultur, Musikk
- Stillingsfunksjon: Menighetsarbeid, Utøvende kunst
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Finnøy
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442297878
- Sist endret

