Hydrolog
Sunnfjord Geo Center
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Bygg hydrologifaget vidare saman med oss!
Hydrolog i Sunnfjord Geo Center
Vil du bli ein del av eit spanande selskap med vekstambisjonar? Som hydrolog hos oss vil du ha ein nøkkelrolle i å utvikle våre hydrologitenester og bidra til å gjere samfunnet tryggare, i ei tid der ein ser stadig større konsekvensar av menneskeskapte klimaendringar. Du vil jobbe med flaum, erosjon og vassdrag i eit tverrfagleg miljø på Vestlandet, og vere med på å forme framtida til Sunnfjord Geo Center.
Sunnfjord Geo Center AS opplever aukande oppdragsmengde og søker no ein hydrolog eller sivilingeniør med kompetanse innan flaum, overvatn og/eller vassdragsteknikk. Vi ser etter både nyutdanna og erfarne kandidatar som ønskjer å vere med og utvikle hydrologifaget i selskapet.
Vi har kontor i Bergen, Florø, Stavanger og Stongfjorden, og tilbyr ein fleksibel arbeidsstad.
Om stillinga
Som hydrolog hos Sunnfjord Geo Center får du ei sentral rolle i eit lite, men spanande selskap. Du vil arbeide med varierte oppdrag innan flaum- og erosjonsproblematikk, som for eksempel å utvikle flaumfarevurderingar for kritiske områder og designe sikringstiltak for erosjonsutsatte vassdrag. Du vil jobbe både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer innan geologi og geoteknikk. Stillinga gjev gode moglegheiter for eiga fagleg utvikling og for å vere med å utvikle hydrologileveransane i selskapet.
Arbeidsoppgåver
Utarbeiding av flaumfarevurderingar i samsvar med plan og byggingslova og NVE sine retningslinjer
Kartlegging og vurdering av erosjonsfare
Analyse av flaumvegar og kritiske punkt i bratte bekkar og regulerte og uregulerte vassdrag
Utgreiing og prosjektering av sikringstiltak mot flaum og erosjon
Hydraulisk modellering
Tverrfagleg samarbeid med andre fagmiljø i selskapet
Bidra til vidare utvikling av hydrologiavdelinga
Ønska kvalifikasjonar
Sivilingeniør- eller mastergrad innan hydrologi, vassdragsteknikk eller liknande, relevant fagområde
Gode skriftlege ferdigheiter på bokmål eller nynorsk
Kjennskap til relevant programvare, til dømes HEC-RAS, HY-8 eller MIKE
Erfaring med hydraulisk modellering
Erfaring med GIS
Personlege eigenskapar
Du er fagleg engasjert og nysgjerrig
Du er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
Du trivast med varierte oppgåver og tverrfagleg samarbeid
Du har gode samarbeidsevner og evne til å dele kunnskap
Vi kan tilby
Konkurransedyktig løn
God pensjonsordning
Stor grad av påverknad på eiga rolle og fagleg utvikling
Varierte og spanande prosjekt over heile landet
Moglegheit for å delta i forskingsprosjekt innan hydrologi
Eit fagleg sterkt arbeidsmiljø
Fleksibel arbeidsstad
Sosiale samankomstar, turar og faglege ekskursjonar
Støtte til karriereutvikling gjennom opplæring og mentorordningar
Ferdigheter
- Administrere elver og bekker
- Byggeteknikk
- Bygging av havne- og damanlegg
- Geoteknisk undersøkelse
- GIS
- HEC-RAS
- Hydrologi
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord Geo Center er eit selskap som leverer rådgjeving og formidling innan geofag. Vi er 11 tilsette fordelt på fire kontor på Vestlandet og leverer tenester til privatpersonar, næringsliv og offentlege aktørar over heile Noreg.
Tenestene våre omfattar flaumfarevurderingar, skredfarevurderingar, ingeniørgeologiske vurderingar, prosjektering av sikringstiltak, miljøgeologiske undersøkingar, ressursgeologisk kartlegging, kvikkleirekartlegging, geoteknisk prosjektering og formidling.
Målet vårt er å bli eit nasjonalt kunnskapssenter for geofag, og hydrologi er ein sentral del av denne satsinga.
- Sektor: Privat
- Sted: Edvard Griegs vei 3B, 5059 Bergen
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor, På kontoret
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Konsulent og rådgivning, Miljøtjenester
- Stillingsfunksjon: Geomatikk, Geoteknikk og ingeniørgeologi, Vassdrag
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
hydrologi, flaumfarevurdering, erosjonsfare, hydraulisk modellering, overvatn
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442275116
- Sist endret
