
Rådgivar/seniorrådgivar
Riksrevisjonen
- Frist 11.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og sikre at fellesskapets midlar blir brukte slik Stortinget har bestemt?
Riksrevisjonen har eit samfunnsoppdrag som er grunnlovsfesta: å sikre at statens midlar blir brukte forsvarleg og i tråd med Stortingets vedtak. I over 200 år har vi stått støtt gjennom kriser, konfliktar og endringar, og sørgt for at demokratiet har den kontrollmekanismen det treng. Vår rolle bidreg til å byggje tillit mellom innbyggjarane og styresmaktene – ein tillit som er avgjerande for at demokratiet skal fungere
No har du moglegheita til å bidra inn i dette viktige samfunnsoppdraget. Vi ser etter to samfunnsengasjerte rådgivarar/seniorrådgivarar til Avdeling for revisjon av disposisjonane, analyse og statsrekneskapet (KAS). Avdelinga har ansvar for å kontrollere om staten brukar sine økonomiske midlar slik Stortinget har bestemt. Frå og med 2026 skal vi òg kontrollere om Sametinget brukar sine økonomiske midlar slik Sametinget plenum har bestemt. Vi rapporterer alle våre revisjonar til Stortinget, eventuelt til Sametinget.
Riksrevisjonen har òg eit lovpålagt ansvar for å bidra til å førebyggje og avdekkje mislegheiter, og du vil kunne vere med på å styrkje dette arbeidet.
Til desse stillingane ser vi både etter deg som er nyutdanna og deg med meir erfaring. Vi har hovudkontor i Oslo, men til desse stillingane er det òg mogleg å jobbe frå vårt kontor i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø eller Tromsø.
Kva vil du få jobbe med hos oss?
- Planleggje, gjennomføre og rapportere revisjonar i samsvar med dei internasjonale revisjonsstandardane (etterlevingsmetodikk – ISSAI 4000)
- Leie eller delta aktivt i revisjonsteam
- Formidle resultata av revisjonen internt og eksternt
- Initiere nye revisjonsoppgåver
Kva for kompetanse har du?
Må-krav:
- Mastergrad med gode akademiske resultat innan økonomi (rekneskap/revisjon, sivil- eller samfunnsøkonomi), samfunnsfag eller jus.
- For stillinga som rådgivar er det ingen krav til relevant erfaring. Kandidatar som er i ferd med å avslutte mastergraden sin er òg velkomne til å søkje.
- For stillinga som seniorrådgivar krevst relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd, til dømes innan gransking, etterleving eller revisjon.
- Det krevst gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Ønskes-krav:
- Kompetanse i kvantitativ og/eller kvalitativ metode og analyse
- Erfaring med bruk av IT-verktøy til analyseføremål
- Erfaring frå eitt eller fleire statlege forvaltningsområde
Kompetanse innan metode og analyse og erfaring med bruk av IT-verktøy til analyseføremål kan òg vere opparbeidd gjennom studiar. Erfaringa frå statlege forvaltningsområde er primært retta mot kandidatar som søkjer på seniorrådgivarstillinga.
Kven er du?
- Du er omgjengeleg og ein god lagspelar
- Du er strukturert og planmessig, samstundes som du evnar å vere fleksibel
- Du er fagleg nyfiken og interessert i å skape innsikt saman med andre
- Du har gode analytiske evner
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å forklare problemstillingar på ein enkel måte, både skriftleg og munnleg
Kva får du hos oss?
I Riksrevisjonen står du midt i demokratiets kontrollmekanisme. Hos oss får du påverke samfunnsutviklinga, jobbe saman med dyktige kollegaer og levere revisjonar som set spor.
Hos oss får du ein god balanse mellom jobb og fritid. Vi har fleksitid og sommartid, og kvar veke får du ein time til å trene i arbeidstida. Vi legg òg til rette for ein hybrid arbeidshverdag med noko bruk av heimekontor.
Du blir medlem i Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring og ein moglegheit for gunstig bustadlån. Vi meiner at kompetanseutvikling er viktig, og du får 40 timar årleg til dette. Om du etter kvart får lyst på meir påfyll av kompetanse, har vi gode ordningar for etterutdanning.
Du vil bli tilsett som rådgivar med lønnsspenn frå årslønn 590 000 til 650 000 kroner per år, eller som seniorrådgivar med lønnsspenn frå årslønn 650 000 til 915 000 kroner. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan høgare lønn vurderast.
Høyrest dette interessant ut?
Då håper vi å høyre frå deg. Du søkjer via vår søknadsportal. Vi er meir opptekne av kva du kan og di evne til å lære, enn kor god du er til å skrive ein søknad. Vi ber deg difor heller om å laste opp ein utfyllande CV som viser kva erfaring og kompetanse du har, saman med vitnemål og attestar.
Søkjarar med utdanning teke i utlandet må leggje ved dokumentasjon frå NOKUT/HK-dir som stadfestar utdanningas omfang og nivå samanlikna med tilsvarande norsk utdanning.
Vi er opptekne av å ha ein inkluderande og mangfaldig kultur. Vi har medarbeidarar med ulik bakgrunn, kompetanse, erfaring og perspektiv – og ønskjer oss fleire. Har du funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn og/eller hol i CV-en, kan du krysse av for dette når du søkjer stillinga. Det gir deg moglegheit for å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Vi vil varsle deg på førehand dersom reservasjonen ikkje kan imøtekomast, jf. lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd, § 25.
Ta gjerne kontakt med avdelingsdirektør Einar Sæther (957 79 787) eller avdelingsdirektør Stig Kilvik (901 81 296) dersom du lurer på noko om stillingane.
FerdigheterAI-generert
- Bokføring
- Juss
- Norsk
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Riksrevisjonen skal bidra til at fellesskapets midlar og verdiar blir brukte og forvalta slik Stortinget har bestemt. Dette gjer vi gjennom revisjon, kontroll og rettleiing.
Riksrevisjonen skal vere kompetent, uavhengig og objektiv. Høgt fagleg nivå og tillit i samfunnet er viktig for oss. Internt legg vi vekt på lagånd, openheit og respekt for å oppnå gode resultat.
Vårt hovudkontor ligg i Oslo. Vi har regionskontor i Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø, Tromsø og på Hamar. Vi har om lag 425 høgt kompetente medarbeidarar.
Les meir om oss på www.riksrevisjonen.no.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Storgata 16, 0155 Oslo
- Flere arbeidssteder: Jernbaneveien 100, 8006 Bodø, Kirkegata 43, 4612 Kristiansand S, Fylkeshuset, Strandveien 13, 9007 Tromsø, Statens hus, Prinsensgate 1, 7013 Trondheim
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Analyse, Økonomi og regnskap, Revisjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Nyutdannet, Revisjon, Samfunnsøkonom, Dataanalyse
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442243368
- Sist endret


