Bildegalleri
Eurasier - valp
Til salgs
23 000 kr
Beskrivelse av varen
På grunn av at ein av våre valpekjøparar av gode grunnar måtte utsette valpeplanane sine litt, har Kennel Lustraheimen ein ledig valp til rett heim. Han er etter sunne, sosiale og stødige foreldre. Foreldra er også høgt premierte på utstilling.
Leveringsklar frå 10/1-26.
Kullet kan sjåast på eurasierklubben si heimeside, og følger klubben sine retningslinjer for avl.
Når du kjøper valp frå oss får du ein valp som har vokse opp heime saman med oss. Den vil vere sosialisert med hundar og menneske, samt ha fått leika og utfordra seg i ulike miljø og terreng. Valpane får vere mykje ute frå 4-5 vekers alder så lenge vêret tillet det. Me ønsker å gi valpen eit god utgangspunkt før den innsatsen du som valpekjøpar og valp skal legge ned saman for å gi valpen eit flott, trygt og godt liv.
Valpen blir solgt med blant anna stamtavle i NKK, chip, helseattest, pass og valpepakke.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.12.2025 kl. 21:53 ・ FINN-kode: 442222605