Fagarbeidar/assistent ved Søfteland barneskule
Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule
- Frist 06.01.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Søfteland barneskule har ledig ein fast stilling i 89 % som fagarbeidar/assistent i skule og SFO frå 11.01.26.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er trygge og inkluderande skulemiljø og lesing i alle fag som grunnleggande ferdigheit.
Arbeidsstad
Søfteland barneskule ligg like ved riksvegen på veg mot Os sentrum når du kjem frå Bergen. Vi har 210 elevar og 35 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Les gjerne meir om skulen på heimesida: www.softeland.skule.no
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant udanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK dir. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn. I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Nynorsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lerkevegen 2, 5212 Søfteland
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Skoleassistent
Nøkkelord
Fagarbeider, Fagarbeidar, Skoleassistent, Skuleassistent, Assistent
Annonseinformasjon
- FINN-kode 442119510
- Sist endret


