Politisk rådgjevar
Noregs Mållag
- Frist 12.1.2026
- Ansettelsesform Fast
- Årslønn 545 000 - 675 000 kr
Vil du ha meir nynorsk i samfunnet?
Politisk rådgjevar 100 %
Noregs Mållag søkjer etter ein ryddig, skrivefør, allsidig og fleksibel person som ønskjer å arbeida som:
Politisk rådgjevar for leiinga i Noregs Mållag, med vekt på oppgåvene:
- skriva saksnotat til aktuelle politiske saker som kjem frå styresmaktene og lokalpolitikk
- ta del i møteverksemd knytt til påverknadsarbeid andsynes styresmakter, politiske miljø og andre samarbeidspartnarar
- leggja til rette for og organisera kurs- og møteverksemd for politisk skulering i organisasjonen
- utforming og gjennomføring av ulike kampanjar
- formidling av politikken vår i sosiale medium
Utdanning, kvalifikasjonar og eigenskapar:
- høgare utdanning er ønskjeleg, men anna røynsle kan vega opp
- røynsle frå organisasjonsarbeid
- røynsle frå politisk påverknadsarbeid
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne
- evne til sjølvstendig arbeid
- fleksibilitet til reiser og ukurant arbeidstid
- personleg eigna
- eit godt nettverk er ein fordel
Politisk rådgjevar samarbeider nært med leiar, dagleg leiar og skrivarstova.
Stillinga er i dag plassert med ei løn mellom 545 000 og 675 000 kroner, med innplassering etter utdanning og ansiennitet. Arbeidsspråket er nynorsk. Stillinga er ledig frå 20. februar. Kontorstad Oslo.
Søknad med kopi av attestar og vitnemål kan sendast til Noregs Mållag, Dronningens gate 22, 0154 Oslo, eller på e-post.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Noregs Mållag arbeider for å fremja nynorsken og dialektane. Vi har i dag drygt 16 000 medlemer i om lag 170 lokallag over heile landet, eit styre på sju medlemer, landsmøtevald leiar i 100 % frikjøp og landsmøte annakvart år. Skrivarstova har i dag 7 heiltidstilsette. Vi held til i Oslo sentrum. Noregs Mållag er medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen Virke, med pensjonsordning for dei tilsette.
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Dronningens gate 22, 0154 Oslo
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Analyse, Rådgivning, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
politikk, interessepolitikk, politisk rådgjevar, nynorsk, organisasjonsarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 441435620
- Sist endret


