Bildegalleri
Ny besteven søkjast
Gis bort
Beskrivelse av varen
✨ Ny besteven søkast! ✨
- selskapsponni til vår Islandshest
Vi er på leiting etter ein ny ven til vår kjære islandshest. Dessverre må vi med tungt hjarte ta farvel med vår noverande shetlandsponni grunna helseutfordringar den må få sleppe å plagast meir av, og vi ynskjer å finne en ny selskapshest så snart som mulig.
Vårt høgaste fokus er å gje ponnien ein trygg, stabil og varig heim kor den får alt den treng av omsorg og kjærleik.
Kva vi ynskjer oss:
- Rase: Shetlandsponni.
- Temperament: Må vere snill, trygg og tålmodig med ungar.
- Bruk: Skal kunne handterast, leiast og ris av små ungar.
- Aktivitet: Vil verte trent/brukt 2–6 gongar i veka, alt etter kva den treng.
- Bonus: Stort pluss om den kan køyrast med!
Kan vurdere litt større ponniar men då må den kunne brukast til lette turar innimellom. Det må også vere ein ponni som trivast med ein roleg kvardag. Det er viktig at den ikkje har eit krav om dagleg eller krevjande trening. Den må likevel tåle å vere med på rideturar saman med islandshesten.
Har du eller nokon du kjenner ein ponni som kunne passe inn hjå oss? Vi høyrer gjerne frå deg!
Ta kontakt for en hyggeleg hesteprat! ❤️
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 8.12.2025 kl. 22:00 ・ FINN-kode: 441065880
