Forretningsutviklar
Attvin
- Frist 6.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Brobygger med interesse for sirkulær omstilling?
Har du forretningsteft, auge for nye moglegheiter og er dyktig på å få folk med deg? Då kan du være personen vi treng.
Attvin er eit av Nordvestlandets største renovasjonsselskap. Vi har ansvar for avfallshandtering for over 100 000 innbyggjarar og verksemder – og står midt i ei bransje som er i rask utvikling. Framover skal endå meir av avfallet bli til ressursar i ny verdiskaping. Her kjem du inn.
Hos oss får du:
Moglegheit til å utvikle nye inntektsstraumar med reell samfunnseffekt
Stort handlingsrom og påverknad
Eit solid fagmiljø og tydeleg eigarskap
Ein marknad i sterk utvikling, med store kommersielle moglegheiter
Som forretningsutviklar får du ei sentral rolle i å utvikle nye, sirkulære verdikjeder og skape lønsame løysingar som betyr noko – både for selskapet og samfunnet.
Du vil:
Identifisere og utvikle nye forretningsmoglegheiter
Driv prosjekt frå idé til realisering
Arbeide strategisk med utvikling av forretningsområde
Analysere marknaden og byggje relasjonar med viktige kundar
Utvikle forretningsmodellar og leie kommersielle prosjekt
Kjennskap til avfallsfeltet er ein fordel, men ikkje eit krav – det viktigaste er at du forstår samanhengen mellom regulering, marknad og forretningsutvikling.
Du
Har dokumentert erfaring med kommersiell utvikling og sal
Har solid bakgrunn frå prosjektleiing, inkludert budsjett og leveransar.
Har sterk forretningsforståing og eit strategisk blikk
Har evne til å ta gode og datadrevne avgjerde
Har ein strukturert arbeidsstil og tryggleik i komplekse prosessar
Har gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk
Ferdigheter
- Forretningsutvikling
- Kommersiell ledelse
- Markedsanalyse
- Prosjekteringsledelse
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Alvikvegen 212, 6019 Ålesund
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Prosjektledelse, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
forretningsutvikling, prosjektleiing, kommersiell utvikling
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440985029
- Sist endret


