Bildegalleri
Nevil Shute: "En by som Alice"
Til salgs
50 kr
Beskrivelse av varen
Nevil Shute: "En by som Alice"
Den norske Bokklubben, 1972
Innbundet
Originalens tittel: "A Town like Alice". Oversatt av Anders Hagerup
(Wikipedia): Nevil Shute Norway (fødd 17. januar 1899 i London, daud 12. januar 1960 i Melbourne) var ein populær engelsk-australsk romanforfattar på midten av 1900-talet. Han var i si tid særs mykje lesen og omsett, i Noreg med mellom anna En by som Alice.
Shute vart fødd i Ealing i London. Han deltok i den fyrste verdskrigen som soldat og etter krigen utdanna han seg i tekniske fag ved Balliol College i Oxford. Han arbeidde som konstruktør hos de Havilland og seinare, frå 1924, hos Vickers Ltd., der han deltok i arbeidet med utvikling av luftskipprosjektet til britane og jobba med konstruksjonen av luftskipet «R100» under Barnes Wallis.
Han forlét Vickers og starta saman med andre flyfabrikken Airspeed Ltd. i 1931, men kjøpte seg ut på 1950-talet og emigrerte til Australia for å via seg til forfattarskapen. Her hadde han òg ein kort karriere som racer-bilist.
I fleire av hans seinare romanar, som En by som Alice og Den siste bredd, er handlinga lagt til Australia.
Ved utbrotet av andre verdskrigen var Shute allereie ein kjend forfattar. Han vart tildelt Royal Naval Volunteer Reserve som sub-lieutenant og hamna raskt i Directorate of Miscellaneous Weapons Development. Der arbeidde han mellom anna på løynlege våpen som Panjandrum. Ryet hans som skribent fekk Ministry of Information til å senda han med i invasjonen av Normandie den 6. juni 1944, og seinare til Burma som korrespondent. Ved krigsslutt var han lieutenant commander RNVR.
Hans mest kjende roman vart On The Beach, som òg vart filmatisert. I dette verket skildrar han ved hjelp av opplevingane til to par dei siste dagane til menneskja etter ein atomkrig. Til trass for den truande undergangen går desse menneskja sin eigen undergang i møte på ein forklara, nesten stoisk, måte.
Med Slide rule la Shute i 1954 fram ein sjølvbiografi.
Shute sin forfattarskap omfattar 24 romanar. Dei fleste er omsett til norsk. Blant dei titlane som ikkje er omsette er Slide rule.
*** Fra min private samling. Overlevering kan avtales på Nøtterøy eller i Oslo sentrum (jeg er der av og til). Ved postforsendelse betaler kjøper porto.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 6.12.2025 kl. 20:31 ・ FINN-kode: 440731595





