Energimontør
Sygnir
- Frist 12.1.2026
- Ansettelsesform Fast
I Sygnir kan du jobbe med det som betyr noko, kvar dag!
Våre energimontørar jobbar for å sikre trygg og effektiv drift av samfunnskritisk infrastruktur. Arbeidet er svært variert. Me har stor aktivitet og søkjer energimontørar til montørbasen i Aurland.
Elektrifiseringa av samfunnet gir oss stadig meir å gjera, og me gjer store investeringar i nettet for å møte framtida. No treng me fleire energimontørar. På montørbasen vår i Aurland blir du del av eit fagmiljø med kort veg til avgjerd og høg grad av involvering. Du får eigarskap til jobben du gjer, innspel som blir tekne på alvor og eit inkluderande lag som løftar kvarandre.
Kvifor Sygnir?
Hos oss får du ein kvardag som kombinerer moderne teknologi, praktisk arbeid i felt og variert terreng som gir deg faglege utfordringar. Me jobbar breitt – med høgspent, lågspent, kabelanlegg, nettstasjonar og kundetenester – og treng folk som vil utvikla seg. Du blir del av eit sterkt fagmiljø som leverer trygg og stabil straum til regionen, og du bidreg direkte i det grøne skiftet.
Dette vil du jobbe med
Som energimontør hos oss jobbar du med bygging, montasje og dokumentasjon av høg- og lågspent anlegg, kabelanlegg, nett- og transformatorstasjonar og linjenett. Du deltek i drift, vedlikehald, inspeksjon og befaring av anlegg, og kan inngå i beredskaps- og vaktordning. Her får du faglege utfordringar som utviklar deg.
Kva me ser etter
Fagbrev som energimontør
Førarkort klasse B (BE og C er ein fordel)
Erfaring frå arbeid i felt
At du jobbar trygt, strukturert og tek HMS på alvor
Fleksibel og komfortabel med ulike fagområde (høgspent, lågspent, nettstasjon)
Fagleg engasjert og nysgjerrig
Ein lagspelar som inkluderer andre og bidreg til godt miljø
God til å rettleia og følgja opp lærlingar
Kva me kan tilby
Hos oss får du ein jobb med tydeleg samfunnsverdi – du leverer kritisk infrastruktur og bidreg til eit meir berekraftig Sogn. Me gir deg utviklingsmoglegheiter i eit sterkt fagmiljø, med varierte og utfordrande oppgåver. Me tilbyr konkurransedyktig løn, fleksibel arbeidstid, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og du kan delta i aktivitetar saman med kollegaer i fritida i regi av bedriftsforeininga Kraftlaget.
Bli ein del av noko større
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet, som sørgjer for stabil straum til over 14 000 kundar i Sogn. Straumnettet vårt går gjennom noko av det mest spektakulære – og bratte – terrenget i landet, og me er leiande på trygg jobbing i slike forhold.
Vil du bruke kompetansen din på ein jobb som verkeleg betyr noko? Då vil me gjerne snakka med deg!
Spørsmål? Ta kontakt med seksjonsleiar montasje Daniel Meisterplass tlf. 908 27 356.
FerdigheterAI-generert
- Demontering
- Høyspenning
- Lavspent teknologi
- Servicearbeid
- Utføre feltarbeid
Om arbeidsgiveren
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse? Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 160 ihuga medarbeidarar. Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi. Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
- Sektor: Privat
- Sted: Låvi 2, 5745 Aurland
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektronikkmontør, Håndverker
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
energi, høgspent, kraft, montør, energimontør
På jobb i Aurland (1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 440188924
- Sist endret