Bildegalleri
Lastesykkel med ekstra stor kasse. Elektrisk.
Til salgs
37 000 kr
Beskrivelse av varen
Tilstand: Pent brukt - I god stand
Sykkeltype: Elektrisk
Eg vurderer å selja ein spesialbygd lastesykkel. Den tidlegare eigaren fekk forstørra lastekassa slik at han fekk plass til ein gitarkasse i lengda. Sykkelen høver framifrå til transport av store ting, til reklame eller til å køyra små passasjerar i (då må du fjerna loket på kassa). Eg har køyrt to store born i sykkelen, men det kan vera plass til fleire. Det er ikkje barneselar inne i kassa, berre ein enkel benk. Eg har kjøpt nytt batteri til sykkelen. Han har to hjul framme og eitt bak. Eg vurderer å selja sykkelen på grunn av at eg brukar han lite, men eg har nyleg prøvekøyrt han og alt fungerer fint. Han har sving på bakhjulet og kan ta overraskande skarpe svingar, og er såleis lett å manøvrera rundt hjørne og gjennom grindar. Sykkelen er god å sykla, men sidan lastekassa er større enn vanleg må ein fordela lasta slik at ikkje sykkelen tippar framover. Når denne sykkelen brukar el-motoren er han omlag like lett å sykla som ein vanleg trøsykkel utan motor. Den forstørra lastekassa er laga i vassfast og foliert kryssfiner med solide rustfrie beslag langs alle kantar. Folien er litt sliten her og der. Loket på kassa fekk seg ein smell i ein storm før jul, slik at hjørnebeslaget vart litt bøygd. Du skal få tusen kroner avslag om eg ikkje rekk å fiksa dette før eg sel sykkelen. Eg sel han elles slik han er, utan garanti og reklamasjon.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 17.2.2026 kl. 12:11 ・ FINN-kode: 439808436





