Pedagogisk leiar
Time kommune
- Frist 11.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Pedagogisk leiar
Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
Arbeidsoppgåver
Som pedagogisk leiar har du ansvar for å bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.
Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følgjer stillinga.
- Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagen tilpassa enkelt barn og til barnegruppa
- Samarbeide med kollegaer og føresette
- Følgje opp daglege rutinar
Kvalifikasjonar
- Godkjent utdanning som barnehagelærar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
- Me legg vekt på at du er eigna til stillinga
- Du må levera politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
Me ser etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing.
Me ønsker leiarar som har fokus på inkludering og autoritativ vaksenrolle.
Skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
FerdigheterAI-generert
- Dokumentasjon
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kjeldevegen 1, 4344 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barnehagelærer, Pedagogisk leder
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Pedagoisk leiar, barnehagelærar, barnehage, vikariat, heltid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439220577
- Sist endret
