Psykolog/ psykologspesialist. 2 stillingar.
Rehabiliteringssenteret AiR
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Psykolog/ psykologspesialist
Rehabiliteringssenteret AiR er leiande innan arbeidsretta rehabilitering (ARR). Sidan 1986 har senteret, som er ein landsdekkande, ideell institusjon i spesialisthelsetenesta, hjelpt personar med samansette helseutfordringar til å koma inn i eller halde fram i arbeid/utdanning.
Unge vaksne utanfor arbeid eller skule er ei aukande samfunnsutfordring, og sidan 2021 har AiR hatt eige tilbod til denne gruppa, AiR UNG (18–30 år).
AiR tilbyr og utviklar kunnskapsbaserte rehabiliteringsprogram. Digitale verktøy nyttast både før, under og etter opphald. Dette styrkjer prosessen og gjev ei meir samanhengande oppfølging gjennom heile rehabiliteringsforløpet
AiR har to avdelingar. Eit hovudsenter i Rauland i Telemark, og eit dagsenter i Oslo.
No søkjer me etter psykolog/psykologspesialist ved begge våre avdelingar, og ser etter deg som er omgjengeleg, nysgjerrig, nytenkande og som likar å påverke eigen arbeidskvardag.
AiR Rauland: Engasjement som psykolog/psykologspesialist i 60-100% fram til 01.09.26. Stillinga vil vere knytt til rehabiliteringstilboda ARR og CFS/ME.
AiR Oslo: Fast stilling i 50% som psykolog/psykologspesialist. Stillinga vil vere knytt til dagrehabilitering innan ARR og langvarig muskel- og bløtdelssmerte.
For begge stillingane kan det vera aktuelt å bidra inn i Ekspertbistand, kurs og digitale samtaler som er andre tenester AiR leverer. Sjå www.air.no for meir informasjon.
AiR har tverrfaglege team som består av legespesialist, psykolog, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som psykolog
Kompetanse innan kognitiv terapi, MCT, ACT eller liknande terapimetodar
Kompetanse eller interesse innen PRT behandlingsmetode (Pain Reprocessing Treatment)
Erfaring frå samtaler i gruppe og individuelt
Interesse og erfaring med digitale verktøy
Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
Gode samarbeidsevne som bidreg til eit utviklande fagmiljø
Arbeidsoppgåver
Undervising og aktivitet i grupper
Kartlegging, vurdering og individuell rettleiing
Delta aktivt i tverrfagleg teamarbeid
Fagutvikling og anna utviklingsarbeid
Samhandling med NAV, arbeidsgjevar og/eller andre involverte
Særfagleg oppfølging og henvising vidare ved behov
Dokumentasjon, epikrisearbeid
Me tilbyr:
Arbeidsmiljø med høg kompetanse, fagleg trygge og dyktige arbeidskollegaer
Variasjon og bredde i arbeidet som psykolog
Personleg og fagleg utvikling
Arbeidstid, dagtid på kvardagar
Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
Søknadar behandlast fortløpande, siste frist er 20. desember 2025.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Kontakt:
Klinikkleiar AiR Rauland: Siri Mørch, tlf.+47 474 63 408, siri.morch@air.no
Klinikkleiar AiR Oslo: Guri Sogn-Larssen, tlf. +47 414 33 433, guri.sogn-larssen@air.no
Fagansvarlig psykolog: Guro Anna Wyller Odden, tlf. +47 35 06 28 42, guro.anna.wyller.odden@air.no
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: 0050 Oslo
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Psykolog
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439110714
- Sist endret



