Lærar Kleppe skule
Klepp kommune
- Frist 08.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærar Kleppe skule
Vi treng fleire med på Kleppe skule-laget, og søker nå etter ein motiverte og engasjerte lærar som ønsker å utgjere ein forskjell for elevane våre.
Vil du arbeide på ein spennande barneskule med gode kollegaer? Vi har ledig lærarstilling i 100% frå 26.01.26. Søk nå, ikkje vent til fristen, vi kallar inn til intervju fortløpande.
Visjonen vår er Saman om ein god start og verdiane inkludering og meistring er viktige for oss i arbeidet med å skape ein framtidsretta skule der elevane kan utvikle seg i eit trygt og utforskande læringsmiljø.
Kleppe skule er ein barneskule med 465 elevar og 82 tilsette. Vi har sentral plassering med god bussforbinding, uteområdet vårt er stort og godt og vi har nettopp bygd på skulen med stor og flott aula og kantine.
Ved skulen har vi Språkstasjon for 1.-7.trinn, som er ein eigen avdeling for elevar som kjem nye til landet. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø.
Skulane i Klepp er del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Time og Gjesdal.
Arbeidsoppgåver
- Faglærar/ressurslærar på 4.-7.trinn, men alle trinn kan vere aktuelt avhengig av kompetansen din
- Kontaktlærar vil vere aktuelt etterkvart
- Planleggje og gjennomføre variert, utforskande og inkluderande undervisning
- Sørgje for eit trygt, inkluderande og godt skule- og klassemiljø
- Bidra til eit godt skule - heimsamarbeid
- Delta aktivt i profesjonsfellesskapet
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse, ønskeleg med GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Ønskeleg med norsk, matematikk, engelsk og kroppsøving inkl.symjing i fagkrinsen, andre fag er og aktuelt.
- Legg ved attestar og vitnemål i søknaden (last inn som vedlegg i webcruiter)
Personlege eigenskapar
- Du er ein motivert og engasjert pedagog og kollega.
- Du er god til å skapa gode relasjonar til alle elevar.
- Du er ein tydeleg og varm klasseleiar og vaksenperson.
- Du er bevisst på eigne haldningar og verdiar
- Du har fokus på kvalitet og auka læringsutbytte hos elevane.
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid.
- Du bidreg på ein positiv måte i personalet, med humor og faglege innspel.
- Du samarbeider og kommuniserer godt.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Klepp kommune har gode velferdsordningar, pensjons- og forsikringsordningar.
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
- Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Viervegen 10, 4351 Kleppe
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439069311
- Sist endret
