
Lærar i teknologi- og industrifag
Vestland fylkeskommune
- Frist 07.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Lærar i teknologi- og industrifag
Askøy vidaregående skule har omlag 700 elevar og 120 tilsette. Skulen ligg på Myrane ved Kleppestø, med gode offentlege kommunikasjonar til alle delar av Askøy og Bergen. Skulen har følgjande utdanningsprogram: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper. På teknologi og industrifag tilbyr Askøy vgs. programområda Industriteknologi og Køyretøy på vg2.
Askøy vidaregåande skule legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere inkluderande, trygt og godt. Vi ser dette i samanheng med korleis vi løyser oppgåvene våre som kompetente, opne og modige tilsette i ein organisasjon i utvikling.
Skulen starta skuleåret 2023-2024 i nytt bygg, med nye verkstader, og eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha eit godt utbytte av opplæringa.
Vi har ledig stilling som lærar på avdeling for teknologi- og industrifag. Stillinga vil vere ledig frå 1.februar 2025, eller tidlegare etter avtale.
Vi har i tillegg eit ledig vikariat fram til 24.juni 2026, med oppstart snarast.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer søkjarar med undervisningskompetanse innafor programfaga på teknologi- og industrifag, med minimum fagbrev med 4 års praksis og teknisk fagskole eller ingeniørutdanning innfor fagfeltet.
Som faglærar i teknologi- og industrifag skal ein gje elevane opplæring i programfaga på utdanningsprogrammet.
Saman med dei andre faglærarane og praksiskoordinator har ein ansvar for å gje elevane meistring gjennom praksis på skulen, og i praksisperioder i bedrift.
Målet er at elevane skal vere kvalifiserte og motiverte for å gå ut i lære etter opplæringa på skulen.
Funksjon som kontaktlærar kan bli lagt til stillinga. Som kontaktlærar skal ein koordinere arbeidet rundt klassen og den enkelte elev. Samarbeid med føresette er ein viktig oppgåve i denne funksjonen.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant faglig og pedagogisk kompetanse. For undervisningsstillingar på yrkesfag er det krav til praktisk-pedagogisk utdanning og to års yrkesteoretisk utdanning utover fagbrevnivå, eller bachelor som yrkesfaglærar. Søkjarar som ikkje har godkjent utdanning kan tilsetjast på vilkår av å starte på slik utdanning innan to år.
Kvalifikasjonar
Søkjar må ha relevant fagleg kompetanse og erfaring i dei fagområda som skulen treng kompetanse i.
Erfaring frå undervisning/opplæring vil vere eit fortrinn.
Søkjar på stillinga må ha gode samarbeidsevner, og fokus på relasjonsbygging.
Den vi tilset må ha eit godt lag med ungdom, samstundes som ein må vere ein tydeleg, vennleg og strukturert vaksen.
Vi ønskjer oss ein kollega som er utviklingsorientert, har gode samarbeidsevner og som deltar aktivt for å utvikle eit godt fagmiljø saman med andre på skolen.
Den som blir tilsett må ha kunnskaper om og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
Personlege eigenskaper og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særleg vekt på i tilsetjinga.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein trygg vaksen som har trua på at alle elevar kan lukkast, gjennom meistring og trivsel i opplæringa.
Det vil bli vektlagt at du
- har ei inkluderande haldning i møte med elevane, og ser verdien i mangfald
- har god pedagogisk forståing, og vilje til å tilpasse opplæringa til eleven sine behov
- er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning
- er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men òg sjølvstendig i eige arbeid
- trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, lærarar, miljøarbeidarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven
Vi tilbyr
Eit spennande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, der eleven står i fokus.
Moglegheiten til å vere med å utvikle fagtilbudet ved skulen.
Gode forsikrings- og pensjonsordninger.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk. Det kan bli vurdert eigne vilkår for å rekruttere særskilt kritisk kompetanse.
Søknad og cv sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema i webcruiter. Last opp attestar og vitnemål før eit eventuelt intervju.
Vi gjer merksam på at overtallige ved andre skuler kan ha rett til utlyst stiling.
Alle som skal tilsettjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
FerdigheterAI-generert
- Bransjekunnskap innen teknisk byggebransje
- Digitale ferdigheter
- Ingeniørarbeid
- Lærlingssystem
- Praktisk-pedagogisk utdanning
- Teknisk innsikt
- Teknisk utdannelse
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Søre Myrane 13, 5300 Kleppestø
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Faglærer, Videregående skole, Industri og teknologifag, Kontaktlærer, Lærer
Annonseinformasjon
- FINN-kode 439015331
- Sist endret
