Pedagogisk leiar
100% vikariat i Maurtuå barnehage, Time kommune
- Frist 10.12.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Ein av våre dyktige pedagogar skal ut i svangerskapspermisjon, og me søker difor etter ein engasjert barnehagelærar i 100 % stilling. Vikariatet gjeld i perioden frå mars 2026 til desember 2026. Det kan være moglegheit for forlenging av vikariatet.
Maurtuå Barnehage er ein akkurat passe stor barnehage med 54 barn, idyllisk plassert ved Ungdomskogen i utkanten av Bryne. Me nyttar naturen aktivt – turar i skogen er ein del av kvardagen.
Hos oss møter du omsorgsfulle og inkluderande vaksne, som er opptatt av at alle skal bli sett. Kvardagen vår er prega av mykje glede og humor, kor me vektlegger at barna skal ha ein trygg og forutsigbar kvardag. Me er opptatt av å ha eit nært og opent foreldresamarbeid. Me vil at barn, foreldre og tilsette skal setja gode spor hjå kvarandre, og at alle skal oppleve Maurtuå som ein trygg og god plass å være.
Kvifor velje oss? Stabilt personalet og lågt sjukefråvær, full pedagogtettleik med erfarne barnehagelærarar, dyktige barne- og ungdomsarbeidarar med lang erfaring frå barnehage. Me har kjøkkenhjelp kvar dag - som lettar arbeidet i kvardagen vår, og gjer at me får meir nærværstid med barna.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organiseringa på avdelinga
- Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
- Fylgja opp og rettleia personalet på avdelinga ved behov
- Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn og barnehagen sine verdiar
- Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkeltbarn og barnegruppe, foreldre og tilsette
- Foreldresamarbeid på avdelinga
- Delta i barnehagen si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærerutdanning
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Me tilbyr
- Gode tenestepensjonsordning i KLP
- Løn etter tariff
- Ein spanande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Det er lovkrav om å framlegge politiattest, ikkje eldre enn tre månadar, før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Marianne Byberg, Styrar, +47 97588284Arbeidsstad
Lonarmyrvegen 14345 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5043189750
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.03.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 10.12.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438978587
- Sist endret
