Bilmekaniker
Gaular Bil AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Erfaren bilmekanikar med fagbrev søkast. Vi lover festlege kundar, gode lunsjar og mykje dårleg humor.
Er du typen som fiksar meir enn du forklarer?
Som tek utfordringar på strak arm?
Er oppdatert på motorbransjen si utvikling?
Då kan det vere deg vi leitar etter!
Hos oss blir du ein del av ein liten, og triveleg Meca- verkstad på Sande. Vi er tre tilsette på verkstaden - to mekanikarar og ei kontordame som prøver iherdig å fikse alt som ikkje handlar om å skru. Vi har det uformelt, men tar jobben vår på alvor. Samtidig set vi pris på folk som gjer ein skikkeleg jobb, og bidrar til godt humør på arbeidsplassen. Vi utfører EU-kontroller (PKK), og reparasjonar på køyretøy opptil 3,5 tonn. Hos oss får du ein variert og spennande kvardag der du får utfordra deg, og utvikla deg med eit godt team og kjekke kollegaer rundt deg.
Vi håpar du har:
· Fagbrev som bilmekanikar (lette køyretøy)
· Erfaring frå liknande arbeid
· Gode norsk - og engelskkunnskapar
· Yrkesstoltheit, og likar å levere kvalitet
· Ynskje om å utvikle deg innan bilteknikk og ny teknologi
· Gode samarbeidsevner, og er serviceinnstilt
· Evne til å jobbe sjølvstendig og nøyaktig, og vere kvalitetsbevisst
· God kjennskap til dataverktøy og diagnoseutstyr
· Førarkort klasse B
· Erfaring med EU-kontrollar
Vi tilbyr:
· 100% fast stilling
· Gode moglegheiter for overtid
· Fleksibel arbeidstid
· Konkurransedyktig lønn
· Kurs og opplæring i Meca - systemet
· Variert arbeidsdag med kundekontakt og ansvar
· Eit arbeidsmiljø med låg terskel for latter, og høg standard på arbeid
Slik søker du:
Send oss ein kort søknad og CV – vi vurderer søknader fortløpande.
Har du spørsmål om stillinga?
Ta gjerne kontakt med oss på telefon eller e-post.
post@gaularbil.no
Mobil: 416 67 396
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Ferdigheter
- Feilsøkingsverktøy
- Kjøretøymekanikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Sandevegen 267, 6973 Sande i Sunnfjord
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Mekaniker, Mekanikk og installasjon
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
bilmekanikar, fagbrev, verkstad, reparasjonar, pkk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438900508
- Sist endret