Salgskoordinator
Alsaker Fjordbruk AS
- Frist 14.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du erfaring frå salg og marknadsarbeid – og trivst med hektiske, varierte dagar?
Me styrker salgsteamet vårt – bli vår nye Salgskoordinator!
Som salgskoordinator blir du ein nøkkelperson i salget av Alsaker-laksen. Du får ansvar for oppfølging av salgsordrar, logistikk og kundekontakt.
Kjen søkjer vi?
Me ser etter ein strukturert og målretta person med kremmareigenskapar og evne til å skape gode relasjonar. Du er ein fleksibel og resultatorientert person som bidrar med å skape framdrift og gode resultat. Du er utadvendt og løysningsorientert, du er god på å planlegge arbeidsdagen din og evner å prioritere oppgåver.
Har du erfaring frå salg og marknadsarbeid – og trivst med hektiske, varierte dagar? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Arbeidsområde:
· Delta i slakteplanlegging og salg til våre kundar
· Kreditt overvaking
· Logistikk og dokumenthandtering
· Statistikk, benchmarking og rapportering
· Reklamasjonsarbeid
Ynskjelege kvalifikasjonar:
· God tall forståing og økonomisk teft
· Relevant utdanning er ønskeleg, men ikkje eit krav
· Erfaring frå sal og marknadsarbeid
· Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg
· Kremmareigenskapar
· Gode IT-kunnskapar
Me kan tilby:
· Jobb i eit av dei leiande norske konserna for oppdrett av laks
· Ein organisasjon med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar
· Utfordrande arbeidsoppgåver i eit variert og hektisk miljø i ein spennande bransje
· Konkurransedyktige vilkår
· Stillinga vil føre til noko reiseaktivitet.
· Løn og tiltreding etter avtale. Me kan hjelpa deg å skaffa bustad.
Arbeidsstad:
Onarheim i Tysnes kommune.
Vil du bli vår nye kollega?
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt vår rekrutteringspartner hos Adecco:
Mette Hessen på telefon 93633191 eller e-post mette.hessen@adecco.no
Søknader vert behandla fortløpande.
Søknadsfrist: 14.12.25
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
- Dokumentasjonsforvaltning
- Logistikk
- Salgserfaring
- Statistikk
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Alsaker Fjordbruk er eit lokalt forankra havbrukskonsern med hovudkontor på Onarheim i Tysnes kommune. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt, og har aktivitet i 14 kommunar mellom Stavanger og Bergen. Me er eitt av dei største privateigde oppdrettskonserna i landet, med 24 matfiskkonsesjonar, 4 settefiskanlegg, rensefiskanlegg, slakteri, brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar.
Alsaker er ein del av Meidell konsern, som forutan havbruk omfattar marineservice-verksemda Tronds Marine Service, drift av eigne næringseigedomar samt bygde- og eigedomsutvikling. Me har over 3 milliardar i omsetnad og er om lag 350 tilsette i Hordaland og Rogaland. Les om oss på www.alsaker.no
- Sektor: Privat
- Sted: Flakkavågsvegen 12, 5694 Onarheim
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Fiskeri og oppdrett, Matvareproduksjon og -industri, Transport og logistikk
- Stillingsfunksjon: Koordinering, Kundeservice, Salg
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
salgskoordinator, kundekontakt, slakteplanlegging, benchmarking, logistikk
(1/8)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 438874214
- Sist endret
