
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.01.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, barnepleiar, sjukepleiarstudentar m.m.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Klinikk Volda sjukehus treng ferievikarar til ulike stillingar sommaren 2026. Vi treng sjukepleiarar, intensivsjukepleiarar, barnepleiarar, helsefagarbeidarar, pleieassistentar og studentar innan sjukepleie, barnepleie, medisin og helsefag.
Det er behov ved desse seksjonane i perioden f.o.m. 01.06.25 t.o.m. 31.08.25:
- Kirurgisk sengepost
- Intensiv
- Akuttmottak
- Føde, barsel og gyn.pol.
Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Ein må pårekne å arbeide annankvar helg.
Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg utdanning/bakgrunn
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
- Fagleg interessert og lærevillig
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Trivst i ein aktiv og travel kvardag
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
FerdigheterAI-generert
- Bruke helsevitenskap
- Grunnleggende sykepleie
- Intensivsykepleie
- Medisinsk pedagogikk
- Pleie og omsorgsarbeid
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Intensiv, Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sykepleier, sykepleie, helsefagarbeider, intensivsykepleier, barnepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437979017
- Sist endret

