Avdelingsleiar ved Lunde barneskule
Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule
- Frist 07.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Lunde barneskule har ledig fast stilling i 100% som avdelingsleiar frå 01.01.26
Vi har fått moglegheit til å utvide leiargruppa vår med ein ekstra avdelingsleiar, grunna utvida oppgåver ved skulen. Det vil vere leiarressurs på 50% og andre undervisningsteljande oppgåver i tillegg.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er trygt skulemiljø, auka nærvær og fokus på lesing. Vi meiner at godt skulemiljø og arbeidsmiljø heng tett saman, og arbeider systematisk for at Lunde barneskule skal vere ein god stad for alle.
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 325 elevar og 50 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Vi har eit fleksibelt, nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.
Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Vårt personale er samansett av kompetente og utviklingsorienterte medarbeidarar, med godt humør og samhald som skaper eit godt arbeidsmiljø.
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar vert ein del av leiarteamet ved skulen, som består av snart tre avdelingsleiarar og rektor.
Som avdelingsleiar vil ein ha personalansvar, undervisningsarbeid og mellom anna ha delt ansvar for vikararbeid. I tillegg vil ein få oppgåver som pedagogisk utviklingsarbeid, oppfølging av personale og elevsaker, organisering og utvikling i tett samarbeid med ulike team på skulen.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Leiarutdanning og erfaring frå skuleleiing er ønskjeleg.
God digital kompetanse.
Utanlandsk utdanning må vere HK-dir godkjent.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi søkjer ein avdelingsleiar som
-er tydeleg og engasjert
-er aktiv og visjonær i pedagogisk utviklingsarbeid
-har kjennskap til drift av skule
-er samlande og likar å jobbe i team
-har positiv innstilling og er løysingsorientert
-har relasjonelt mot og er ein god kollega
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg kollega, med gode evner til å kommunisere med både elevar, kollegaar og foreldre, som er løysingsorientert og som er genuint opptatt av å skape eit godt og samlande skule- og arbeidsmiljø.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, godt humør og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn fortløpande til intervju.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Klasavegen 10, 5208 Os
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Inspektør, Undervisning og pedagogikk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Avdelingsleiar, Avdelingsleder
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437759994
- Sist endret