Ingeniør
Førde Sementvare AS
- Frist 5.12.2025
- Ansettelsesform Fast
Bli med å forme framtidas bygg!
Arbeidsstad: Førde eller Loen
Er du ein dyktig ingeniør med lidenskap for betongkonstruksjonar? Førde Sementvare søker ein engasjert og fagleg sterk ingeniør til vår avdeling element. Som ein leiande leverandør av betongelement i Vestland, ser vi etter deg som vil vere med på å forme framtidas byggjeløysingar og bidra til vår visjon om å skape berekraftige og innovative bygg.
Stillinga vil gje deg:
Byggteknisk prosjektering, samt statiske berekningar og dimensjonering av konstruksjonsdelar
Utarbeiding av konstruksjonsteikningar, produksjons- og montasjeunderlag for betongelement og tilhøyrande produkt til våre prosjekt.
Tett samarbeid med produksjonsteamet for å sikre kvalitet og effektivitet i alle ledd.
Moglegheiter til å bidra i spanande og varierande prosjekt, med fokus på berekraftige og innovative løysingar.
Eit dynamisk arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse og gode utviklingsmoglegheiter.
Kva ser vi etter i deg:
Du er ingeniør på bachelor-/masternivå
God teknisk innsikt
Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg
Nøyaktigheit og fokus på kvalitet i arbeidet
Erfaring med relevante BIM- og prosjekteringsverktøy er ein fordel
Initiativrik, løysingsorientert og systematisk
Vi håpar denne traff deg – og at du vil vere med på laget!
Ring oss gjerne for ein prat!
Ferdigheter
- Ingeniørarbeid
- Prosjektering av byggeprosjekter
- Tegningsarbeid teknisk tegning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Lovikvegen 60, 6789 Loen
- Bransje: Bygg og anlegg, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Bygge- og anleggsteknikk, Ingeniør
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
ingeniør, betongkonstruksjonar, byggteknisk prosjektering, berekraftige løysingar, dimensjonering
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 437631479
- Sist endret
