Miljøveileder/miljøarbeider
Time kommune
- Frist 25.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Miljøveileder/miljøarbeider
Bryne ungdomsskule ligg i Bryne sentrum, i gåavstand frå buss-/togstasjonen. Me har om lag 315 elevar og 55 tilsette. Me har 4 parallellar på 8. og 10. trinn og 5 på 9. trinn. Me er opptekne av at alle elevane og dei tilsette hos oss skal ha eit trygt og godt lærings- og arbeidsmiljø. Visjonen vår er at alle elevane skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Arbeidsoppgåver
- Gi støtte, motivere og følge opp enkeltelevar og elevgrupper
- Samarbeide med miljøteamet, inkluderingspedagog, lærarar, elevar og føresette
- Delta aktivt i det profesjonsfaglege arbeidet og bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis bachelor i helse/sosialt arbeid, t.d vernepleiar, barneverspedagog eller sosionom. Fullført utdanning som barne- og undomsarbeidar er også aktuelt
- Det er ønskeleg med tidlegare erfaring frå tilsvarande arbeid med barn og unge
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Har god digital kompetanse
- Det er krav om politiattest til stillinga
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Du må vera glad i og like å vera i lag med ungdom
- Du må vera ein varm, trygg og tydeleg vaksen
- Du må vera oppteken av at alle skal oppleva meistring og framgang både fagleg og sosialt
- Du må ha god relasjonskompetanse
- Du må ha evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Du må kunne stå trygt i utfordrande situasjonar
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Du må ha gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
Personlege eigenskapar og erfaring vil verta særleg vektlagt i tilsettinga.
Vi tilbyr
- Offentleg tenestepensjonsordning, KLP
- Løn etter tariff
- Gode og fagleg dyktige kollegaer og eit arbeidsmiljø som er prega av godt humør, samarbeid og samhald
- Flotte elevar
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Norsk
- Pleie og omsorgsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Sveinsvollsvegen 5, 4340 Bryne
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Omsorg og sosialt arbeid, Sosiallærer, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøveileder, sosiallærar, sosionom, barnevernspedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436991161
- Sist endret
