Prosessoperatør
Nordic MIning
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb eller ringevikar som prosessoperatør?
Vil du ha ein sommarjobb med litt meir trøkk, og sjå korleis mineralproduksjon faktisk går føre seg, heilt frå fjell til ferdig produkt?
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, søker no sommarvikarar og ringevikarar som prosessoperatørar. Du treng ikkje erfaring frå før, du vil få opplæring av skikkelig flinke folk. Det viktigaste er at du har lyst til å lære, trivst med fysisk arbeid og likar å vere ein del av eit lag som får ting gjort.
Prosessanlegget vårt på Engebø er framleis ganske nytt, og her jobbar vi saman for å skape ein trygg og effektiv produksjon. Du får ein fot innanfor i eit framtidsretta og banebrytande mineralprosjekt, og vi kan love både utsikt, kollegaer med godt humør og at ein innimellom får ei god treningsøkt fullført i arbeidstida.
Arbeidsoppgåver
Delta i drift av prosessanlegget, både ute og i kontrollrom.
Følge rutinar for HMS
Bidra i oppgåver som held produksjonen i gang, lære kordan prosessen heng saman.
Hjelpe til i andre avdelingar ved behov
Vi ser etter deg som
Er nysgjerrig, lærevillig og ikkje redd for å ta i eit tak.
Har god arbeidsmoral og likar fysisk arbeid.
Held hovudet kaldt og humøret oppe, sjølv når det er litt trøkk.
Snakkar og forstår norsk.
Truck og krankurs? Flott, men ikkje eit krav.
Vi tilbyr
God opplæring av ekstremt dyktige kollegaer.
Arbeid i eit trygt og inkluderande miljø.
Eit innblikk i korleis moderne mineralproduksjon faktisk fungerer.
Varierte arbeidsdagar der du får kombinert bruken av både hjerne og mulskar.
Er du klar for å bruke sommaren på noko nytt, og samtidig få ein fot innanfor ein framtidsretta industri? Opplæring vil bli gitt (med betaling) i forkant av sommarferien, så det er nødvendig du kan bruke andre feriar og/eller helger til dette. Søknadar blir behandla fortløpande, så ikkje vent til fristen med å søke. For å søke, vennligst send inn din CV og ein kort søknad.
Ferdigheter
- Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 10
- Sted: Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
- Bransje: Industri og produksjon, Kjemisk industri, Metaller og mineraler
- Stillingsfunksjon: Drift/Operations, Energioperatør, Produksjon
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
sommarjobb, ringevikar, prosessoperatør, mineralproduksjon, fysisk arbeid
(1/7)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436961991
- Sist endret