Pedagogisk leiar
Vestly idrettsbarnehage, Time kommune
- Frist 24.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vestly idrettsbarnehage styrker ped. leiargruppa og har derfor ledig fast stilling som pedagogisk leiar. Oppstart snarast.
I Time kommune arbeidar me for å gje alle barn eit trygt og godt barnehagemiljø. Visjonen vår er at barn og unge skal ha lyst på livet og evne til å meistra det.
Vestly idrettsbarnehage er ein 10-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter som ligg midt mellom Bryne og Lye. Me er den største barnehagen på Jæren med ein kapasitet til 180 barn, som likevel gjev tryggleik og mestring til alle barna her. Barnehagen er ein stor moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom, gymsal, eiga personalavdeling og uteområde som kan delast i 3. Me har eigen minibuss som vert nytta kvar dag til ulike destinasjonar for barn over 3 år, samt elsyklar som vert nytta til turar i nærområdet. Me har eigen kokk som lagar varm lunsj, samt havregrynsgrøt til frukost og heimelaga brød til fruktmåltidet kvar dag.
Barnehagen har fleire fellesdagar der alle barn og vaksne deltek, og fokuset er på inkludering, meistring, rørsle og gøy. Me er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi, Stine Sofie stiftelsen sitt kompetanseløft og ASK. Me er også praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga ved UIS samt lærlingplass for både barne- og ungdomsarbeidar og kokk. I tillegg har me elevar inne frå både ungdoms- og vidaregåande skule i praksis.
Totalt er me 13 pedagogar i tillegg til sosionom, spesialpedagog, fagarbeidarar, og lærlingar. I administrasjonen er det styrar og assisterande styrar.
Barnehagen har, barnehageåret 2025–2026, 7 avdelingar med 118 barn.
Her kan du sjå litt frå kvardagen i barnehagen:
https://vestlybhg.no/
Ikkje nøl med å ta kontakt om dette ser interessant ut eller du undrar på noko.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing av det pedagogiske arbeidet og organiseringa på avdelinga
- Arbeida målretta i tråd med lovverk og barnehagen sitt eige planverk i nært samarbeid med dei andre tilsette på avdelinga og i barnehagen
- Fylja opp og rettleia personalet på avdelinga ved behov
- Arbeida i tråd med barnehagen sitt barnesyn
- Arbeida for eit trygt og godt barnehagemiljø for både enkelt barn og barnegruppe, foreldre og tilsette
- Foreldresamarbeid på avdelinga
- Delta i barnehagen si leiargruppe
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærerutdanning
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norske språkferdigheiter - både skriftlege og munnlege. For jobb i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Erfaring frå stor barnehage er ynskjeleg
Vi tilbyr
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Kontaktinformasjon
Svein Magne Wilson Særheim, styrar, 47663145, svein.magne.wilson.saerheim@time.kommune.noArbeidsstad
Vestlyvegen 1174347 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 5039120171
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2025
Annonseinformasjon
- FINN-kode 436623733
- Sist endret