Landbruksmekanikar
Autagro Møgedal
- Frist 30.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Autagro Møgedal søkjer landbruksmekanikar
Kan du skru? Autagro Møgedal treng mekanikar!
Autagro Møgedal treng ny mekanikar som kan vere med å halde hjula i gang! Er det deg eller nokon du kjenner?
Autagro Møgedal er ei tradisjonsrik bedrift som held til på Sand i Suldal kommune. Her er verkstad og butikk innan hus, hage, hytte og gard. Me sel og vøler køyretøy, reiskapar, innreiing og fòringssystem for stor- og småfe. I tillegg har me ein velutstyrt butikk med alt som høyrer til. Kundane våre finst både i byggefelt, på hytta, småbruket eller på store gardsbruk.
Teamet i Autagro Møgedal består av folk som både vøler og sel, med ganske ulik bakgrunn. Felles for dei, er at dei både held høgt fagleg nivå og er utruleg trivelege. Det smittar mellom kollegaer og på kunden. Kunden står alltid i sentrum, og me jobbar tett saman for å finne fram til dei beste løysingane. Alle kundar er like viktige, uansett om dei treng ein pakning til hageslangen eller ein ATV – og kan me hjelpa, så gjer me det.
Som mekanikar vil du derfor møte både små og store utfordringar. Arbeidet er allsidig, og passar godt til folk som kan ulike maskinar, og er nyfikne på å læra meir. Det blir dagar inne på verkstaden med mekanisk arbeid på både traktor, ATV, reiskapar og snøscooter. Men det blir også timar i servicebilen vår på landevegen, her får du sjans til å kome ut på gardane, møte trivelege bønder og bli kjent i Ryfylke.
Mekanikarfaget er allsidig – og det same er mekanikarane. Nokon har fagbrev innan landbruks-, anleggs- eller industrimekanikar, andre har same kompetanse gjennom erfaring. Om du vil ta fagbrevet hos oss, får me det til. Uansett håpar me du søkjer. I denne jobben trengst erfaring med feilsøking mekanikk, hydraulikk og elektriske komponentar, og at ein kan handtere moderne feilsøkingsutstyr. Som mekanikar er det også viktig å forstå teknisk litteratur både på norsk og engelsk. Førarkort for bil og traktor er avgjerande, men og noko som kan ordnast om du ikkje har.
Hjå oss er takhøgda stor, og du er inkludert frå dag éin. At Autagro Møgedal har topp arbeidsmiljø, er resultat av at me jobbar kvar einaste dag for å skapa ein god kultur på arbeidsplassen. Me vil alltid forbetra oss, og er klare i talen både internt og i kundeoppfølging. Arbeidsdagen skal vera prega av triveleg drøs mellom kollegaer, rom for fagleg påfyll og kort veg til ein kollega som kan hjelpe – anten med ei handsrekning eller svaret du treng.
Er dette noko for deg? Vil du vere med på å utvikle denne kjekke bedrifta. Ring dagleg leiar Hallvard Finnvik på 990 01 824, så tar me det derfrå.
Ferdigheter
- Diagnoseverktøy
- Hydraulikk
- Kjøre traktor
- Komponenter i elektrisk utstyr
- Mekaniske oppgaver
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Sandsvegen 261, 4230 Sand
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted, Drift og vedlikeholdstjenester, Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
landbruksmekanikar, industrimekanikar, Autagro, Mekanikar
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 435393391
- Sist endret