
Seniorrådgivar - økosystem skog
Miljødirektoratet
- Frist 23.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Har du lyst til å bidra til Miljødirektoratet sitt arbeid knytt til skog?
Miljødirektoratet jobbar for økosystembasert forvaltning av skog. Dette inneber bruk av tverrfagleg kunnskap, kjennskap til samanhengane mellom samfunn og miljø, og samordning av verkemiddelbruk mellom dei sektorane som påverkar økosystemet. Stillinga er knytt til eit spennande og komplekst saksfelt under stadig utvikling, og vil omfatte mykje samarbeid på tvers, både internt i direktoratet og med andre sektorar.
Stillinga ligg i seksjon for framande artar og internasjonal handel, som er ein av seks seksjonar i vann- og kunnskapsavdelinga. Seksjonen har i tillegg til å ha det koordinerande ansvaret for hovudøkosystemet skog, ansvar for oppfølging av regelverk for framande organismar og utanlandske treslag. Vi har òg ansvar for arbeidet med internasjonal handel med trua artar, genetiske ressursar og genmodifiserte organismar.
Seksjonen har medarbeidarar både i Trondheim og Oslo. Denne stillinga har kontorstad på Brattøra i Trondheim.
Hovudansvarsområda til stillinga
seksjonen sine oppgåver knytt til koordineringsansvaret for hovudøkosystem skog
oppfølging av forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål
samarbeid med skogsektoren om miljøomsyn i skogbruket
prosjektarbeid i skjeringspunktet skog, klima og naturmangfald
vurderingar og oppfølgingar når det gjeld kunnskapsbehov for skogområdet
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
relevant høgare utdanning på masternivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå.
du har relevant arbeidserfaring og kompetanse på skog
svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
erfaring frå arbeid i offentleg forvaltning vil leggjast vekt på
erfaring med prosjektleiing teljar positivt
god kjennskap til digital datahandtering (inkludert GIS) er ein fordel
Eigenskapar
du har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging internt og eksternt
du er fagleg trygg og har god rolleforståing
du arbeider sjølvstendig og tek ansvar for eigne leveransar
du er strukturert, utviklingsorientert og har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr
fast stilling som seniorrådgivar med lønn i lønnsspennet frå kr. 640 000 - 880 000 etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskilt kvalifiserte søkarar kan vurderast høgare.
ein spennande og utfordrande jobb i eit direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
Har du spørsmål?
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Inger Mari Eggen, tlf. 957 43 085 eller e-post inger.mari.eggen@miljodir.no, eller fagdirektør Linda Dalen, tlf. 930 14 020
Oppgi referansenummer 81-2025 VFR når du tek kontakt.
Generelle opplysningar
Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Skriv søknaden på norsk, og legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.
Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din.
Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsdugnaden/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-0). Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.
Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/) vår.
FerdigheterAI-generert
- Prosjekteringsledelse
- Skogbruk
Om arbeidsgiveren
Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining.
Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet.
Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.
Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Brattørkaia 15, 7010 Trondheim
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Biolog
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
skogforvaltning, naturmangfald, miljø, økosystem, gis
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434896106
- Sist endret



