Miljøveileder - 100 % vikariat - Helland barneskule/SFO
VESTNES KOMMUNE
- Frist 19.11.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Miljøveileder - 100 % vikariat - Helland barneskule/SFO
Stillingstype
Det er ledig inntil 100 % vikariat miljøveilederstilling ved Helland barneskule/SFO for perioden 01.01.2026 - 31.07.2027. Oppstartdato kan drøftast.
Vi søkjer etter miljøveileder som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO.
Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
utarbeide tilpassa planar for elevar på skule og SFO
tett oppfølging av enkeltelevar med særskilte behov
følgje elevane i ulike aktivitetar i skulen og på SFO
legge til rette for eit godt læringsmiljø
rettleie og motivere elevar fagleg og sosialt
tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar der det er behov
samarbeide med elevar, føresette og kollegaer
Kvalifikasjonar
vi søkjer særskilt etter vernepleiar, men andre med høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljøveileder kan også søkje
erfaring frå arbeid med barn i grunnskulealder
ønskjeleg med kompetanse i arbeid med sosiale ferdigheiter og innan autismespekter
beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
ha god kommunikasjonsevne
digital kompetanse
det blir stilt krav om politiattest
personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
fagleg engasjert
er stabil og fleksibel
har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
er forutsigbar og opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
Vi tilbyr
allsidig utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
løn etter gjeldande regelverk
pensjon og forsikringsordningar etter tariffavtale
kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Ferdigheter
- Digitale ferdigheter
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: 6390 Vestnes
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Sosionom, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
miljøveileder, barneskole, vernepleiar
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434718655
- Sist endret
