Sjukepleiar til 60% og 80% fast natt, Sundheimen
Øygarden kommune -
- Frist 12.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar til 60% og 80% fast natt, Sundheimen
Er DU vår nye medarbeidar i eit spennande, triveleg og utviklande arbeidsmiljø på natt ?
Er du ein engasjert sjukepleiar som ønskjer gode arbeidsvilkår, fagleg utvikling og moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag? Då kan dette vere stillinga for deg!
Vi i Øygarden kommune arbeider aktivt for å tilpasse oss morgondagens behov og sikre gode tenester til våre innbyggjarar. Vi legg stor vekt på fagleg kvalitet, utvikling og trivsel blant våre tilsette. For å få til dette, er vi avhengige av eit godt arbeidsmiljø kor samarbeid på tvers av avdelingar og mellom faggrupper finn stad. Vi er opptatt av at vi saman arbeider for å få dette til.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen, lokalisert i Skogsskiftet er ein kommunal sjukeheim med 44 senger. Det er to avdelingar, somatisk og demens. Kvar avdeling er delt inn i grupper på 8 10 pasientar. Fire av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget er drifta av Sundheimen. Det er politisk vedtak på at fleire omsorgsbustader blir knytt til. Sundheimen og omsorgbustadane har i hovudsak langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Vi har no ledig 2 stillingar, ei 60% fast stilling, (inntil 80% vert vurdert) og ei 80% stilling på natt
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg omsorg for eldre menneskje
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt.
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Sørge for god dokumentasjon i CosDoc
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Lettare Laboratorie-arbeid
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Digital kompetanse
Eigenskapar:
- Du har erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Du evner å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst
- Du har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter
- Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
- Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Du tek initiativ, er positiv, tilpassingsdyktig og tek ansvar
- Bidrar til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Personleg eignaheit blir vektlagt
Anna :
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35000,- pr år over tariff
- Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25000,- pr.år over tariff
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr. 40000,- (justert etter stillings% )
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helgar pr.år
- Stillinga er ledig frå 1. oktober
- Vernepleiarar kan bli vurdert for stillinga
- Ved intern tilsetjing kan andre stillingar bli ledig og vil bli vurdert av same søkjarmasse
Vi tilbyr:
- Mentorordning satt i system
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Spennande og varierte kvardager
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Gratis parkering og det er mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt:
Einingsleiar : Janne Thode , 56160400 /45044569
Avdelingsleiar : Glenn Bjærum. 56160400/ 90076122
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
- Eldreomsorg
- Sykepleie- og omsorgsaktiviteter
- Velferdsteknologi
Om arbeidsgiveren
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5382 Skogsvåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Sykepleier, Sykepleier
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
sykepleier, vernepleier, sjukepleiar, helse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434590625
- Sist endret