Leiar økonomi og styring
Vestland Fylkeskommune
- Frist 12.11.2025
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli med på å forme framtida til Vestland fylke?
Leiar for økonomiseksjonen i Vestland Fylkeskommune
Vestland fylkeskommune er på utkikk etter ein dyktig leiar for vår sentrale økonomiseksjon. Er du ein engasjert leiar med solid erfaring frå økonomifeltet? Då kan du bli med på å forme framtida til Vestland fylke!
Stillinga som seksjonsleiar inngår i leiargruppa til organisasjons- og økonomidirektøren. Som leiar for økonomiseksjonen vil du ha ansvar for 27 tilsette, med 7 direkte rapporterande. Du vil ha ei sentral rolle i budsjettprosessen, rapportering og økonomisk styring. Oppgåvene inkluderer handtering av driftsinntekter på rundt 18 milliardar kroner og eit investeringsbudsjett på om lag 4,7 milliardar kroner.
Dine oppgåver inkluderer koordinering av den sentrale budsjettprosessen, overordna ansvar for månadleg lønnsutbetaling, rekneskapsarbeid og rapportering, som omfattar kvartalsrapportar til fylkesdirektøren samt tertial- og finansrapportar til fylkestinget. Leiaren har også ansvar for årsrekneskap, likviditetsstyring, finansiering av investeringar og forvaltning av konsesjonskraftporteføljen. I tillegg skal leiaren sørge for god personalutvikling for medarbeidarane i seksjonen, samt strategisk rådgjeving til fylkesdirektøren og andre leiarar om økonomisk politikk og utvikling.
Vi ønskjer oss søkarar med:
Høgare økonomisk utdanning, gjerne siviløkonom eller MBA
Solid leiarerfaring og innsikt i offentleg økonomi
Erfaring med rekneskapsføring og budsjettprosessar, gjerne også fagleg kjennskap til lønnsområdet
Særs gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
Sterk interesse for digitalisering og innovative teknologiske løysingar
Vi tilbyr:
Ein trygg og interessant arbeidsplass i moderne lokaler sentralt i Bergen
Ei sentral rolle i utviklinga av fylket, med moglegheit for fagleg vekst
Konkurransedyktig løn og gode pensjonsordningar
For ytterlegare informasjon om stillinga, vennleg kontakt Mercuri Urval (MU) ved Ragnhild Rabbe Sandven, tlf 941 21 369 eller Gro Reinertsen, tlf 975 59 058.
Meld di interesse ved å laste opp CV og søknadsbrev innan 12.11.25. All kontakt til Mercuri Urval vil bli behandla konfidensielt, om ønskeleg også overfor oppdragsgivar.
Ferdigheter
- Budsjettarbeid
- Finansiell rapportering
- Finansieringsløsninger
- Kvartalsoppgjør
- Likviditetsstyring
- Offentlig økonomi
- Planlegging og budsjettering
- Regnskap og bokføring
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Bank, finans og forsikring, Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Ledelse, Økonomi og regnskap, PR og informasjon
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
økonomi, leiar, budsjettprosess, rekneskap, økonomisk styring
(1/3)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434393999
- Sist endret
