Miljøarbeider
Bykle
- Frist 10.11.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Helsefagarbeider/Miljøarbeider
Kvardagen vår handlar om å hjelpe menneske som, av ulike grunner, har stort behov for bistand. Individuell tilrettelegging og tett oppfølging står i sentrum av arbeidet. For å lukkast, er vi avhengige av ei trygg og samansveisa personalgruppe med gode omsorgsevner.
Som miljøarbeidar vil du få ei viktig rolle i å bidra til tryggleik, stabilitet og meistring i kvardagen til våre tenestemottakarar.
Vi har no ledig eit vikariat i 100 % stilling som miljøarbeidar / helsefagarbeidar i tenesta Habilitering Hovden. Det er ei stilling med langvakter på 12 timer der du vil arbeide dagvaker (08-20) og nattevakter (20-08). Stillinga er ledig frå no og fram til 23.09.2026, med moglegheit for forlenging ved utvida permisjon.
Stillinga er ein del av pleie- og omsorgstenesta i Bykle kommune, og avdelinga yter tenester i bustad til personar med ulike funksjonsnedsetjingar. Fokusområda for tenesta er primært oppfølging og helsehjelp til heimebuande vaksne med tett bemanning.
Endringar i arbeidsstad og oppgåver kan skje dersom brukarens behov endrar seg.
Vi ønskjer oss ein arbeidstaker som bidreg til gode faglege diskusjonar og som har godt humør – det er ein viktig del av arbeidskvardagen vår. Vi er opptekne av å ta vare på kvarandre, og saman er vi gode. No ønskjer vi DEG med på laget!
Dersom dette høyrest interessant ut, er du hjarteleg velkomen til å søkje!
Arbeidsoppgaver
- Oppfølging i daglege gjeremål, praktisk bistand, tilpassing og bruk av teknisk og medisinsk utstyr samt målretta miljøarbeid
- Delta aktivt i dei ulike oppgåvene som høyrer til eininga
- Dokumentasjon og journalføring
- Gi brukarane gode tenester i tråd med vedtak
- Samarbeide med pårørende, kollegaer og andre instanser
- Bidra til motivasjon og eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjoner
- Autorisert helsefagarbeidar
- Anna relevant utdanning kombinert med praksis og arbeidserfaring kan bli vurdert
- Det er ein fordel om du har erfaring med arbeid med og for menneske med funksjonsnedsetjingar
- Erfaring får arbeid med målretta miljøarbeid
- Kjennskap til kapittel 4a og kapittel 9
- Du må kunne kommunisere på norsk både munnleg og skrifteleg
- Gode IT-kunnskapar, nytte fagsystem for journalføring og sikre forsvarleg dokumentasjon
- Personlig eignaheit vil bli vektlagt
- Det vert stilt krav om førarkort klasse B, for bruk av tenestebil i arbeidstida
- Du må kunne kommunisere godt med brukarar, pårørande og arbeidskameratar, og ha eit godt og varmt menneskesyn
Personlige egenskaper
- Vi søkjer tilsette som tek ansvar, og som er trygge og imøtekomande
- Vi søkjer tilsette som kommuniserer godt med brukarar, pårørande, andre tilsette og samarbeidspartnarar
- Du arbeider sjølvstendig, og er samstundes god til å samarbeide i team
- Personleg erfaring og eignaheit vil bli vektlagt
- Du er punktleg, pliktoppfyllande og har gode samarbeidsevner
- Du trivst med endring
- Du er lojal, fleksibel og lærevillig
- Du likar å halde deg fagleg oppdatert og bidra til god fagleg kvalitet i personalgruppa
- Du er villig til å dele kunnskapen din med andre, og til å lære av dei
- Du er positivt innstilt og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Faglige utfordringa i eit godt arbeidsmiljø meg gode kollegaer
- Årsturnus med langvakter på 12 timer, arbeid kvar 3. helg og periodar med langfri
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
- Bedriftsleilighet i Kanalbyen i Kristiansand
- Storbyliv tre timar køyreveg unna
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Dokumentasjon
- Teknisk IT kompetanse
Om arbeidsgiveren
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor: Offentlig
- Sted: 4755 Hovden i Setesdal
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Vernepleier/miljøterapeut
- Arbeidsspråk: Norsk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Nøkkelord
Habilitering, Langvakter, Miljøarbeider, Vernepleier, Helsefagarbeider
Annonseinformasjon
- FINN-kode 434265196
- Sist endret