Bildegalleri
Stor og flott toårshingst - islandshest
Til salgs
75 000 kr
Beskrivelse av varen
Kjønn: Hingst
Fødselsår: 2024
NO2024115002 - Hæmir fra Nossen✨
Far: IS2007186651 - Framherji frá Flagbjarnarholti (8,27) 🏆🥇
Mor: NO2006215026 - Hedvig fra Synnes (7,94) 🥈 8,36 for eksteriør med 9 for hals/manke/skulder og proposjonar!
Hæmir er ein veldig stor og flott toårshingst med fine bevegelsar. Han er godt utvikla, langbeint med godt ansatt hals og god balanse i kroppen. Vis både tølt og trav, har ikkje sett pass foreløpi. Truleg 4,5-gjenger. Han er rolig, og tek alt på strak hov. Er leidetemt og tatt høver på, ferdig med grunnvaksinering og fulgt opp med ormekur☺️ Også vandt til å kjøre hengar. Han har vokst opp i flokk, stått på store beiter på sommaren med variert terreng, og står på utegang. Utrulig fin fyr i flokken!
Vil bli ein superfin tur, kurs og - konkurransehest! Ganske sikker på at han allereide er over 1.40 i mankehøgde, blir trulig nok nærmare 1.50 - om ikkje over. Kan stangmåle han for å vere sikker. Mor er 1.50. Hæmir har to brødre på 1.47(fire år) og 1.46(tre år). Eldstebror Aðall har Norges rekord på høgaste målte(bedømte) islandshest pr.dags dato, han er målt til 1.54. Han har også ein eksteriørdom på 8,31. Hedvig sine avkom blir store og flotte med godt adskilte gangartar. Nyskjerrige og veldig menneskeglade hestar🥰 Framherji talar for seg sjølv med ein kanondom som firgjengar, og 1.premie for avkom🔥
Sjekk gjerne ut Hjørundfjord Islandshestar på Instagram for meir bilder av Hæmir, Hedvig og brødrene Hektor, Hraði og Aðall. Lille søster Nería er også der💫 Alle har eigen «highlight».
Selgast til noken som har erfaring med unghest og temming🤗 Med sin størrelse, farge og utstråling blir han eit blikkfang🤩 Kan kastrerast før salg! Selgast ikkje til rideskule, eller til noken under 18 år. Selgast direkte frå oppdrettar, då vi må ned i antall hestar. Han kan fortsette å stå her om ønskeleg ilag med fleire unghestar☺️ Ta gjerne kontakt for meir informasjon☺️ Pris er eks mva
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 7.1.2026 kl. 11:11 ・ FINN-kode: 433171108