Bildegalleri
Eit dashcam frå den gong då menn var menn og kamera hadde VHS-kvalitet!
Gis bort
Beskrivelse av varen
Tilstand: Som ny - Ikke synlig brukt
Gratis! Eit dashcam frå den gong då menn var menn og kamera hadde VHS-kvalitet!
Eg har eit dashcam av heller antikvarisk karakter – tippar det er frå rundt 2006–2007, den stolte tida då megapiksel var noko ein berre drøymde om. Sjå vedlagte bilete for ein smakebit på herlegdomen.
Settet består av heile to kamera, som begge fungerar… tja, på sitt vis. Oppløysinga er sånn cirka passe elendig – perfekt dersom du vil sjå att ulukka di i 8-bit nostalgi.
Det er hol for minnekort (ja, faktisk!), men du må stille med kort sjølv. Straum får du både frå vanleg stikkontakt (230 V) og via den legendariske sigarettenneren – for dei som framleis hugsar kva det var.
Dashkameraet heng du rett utanpå eksisterande bakspegel – ein skikkeleg Harry løysing, spør du meg. Her snakkar vi ikkje integrert teknologi, vi snakkar teip og trass.
❗Merk: Eg har null interesse av å halde av, svare på spørsmål eller småprate om denne her. Eg svarer ja til alle, men den som kjem først og bankar på døra mi, får den. Så enkelt. Ingen kølapp. Ingen diskusjon. Berre løp og hent.
Brukerprofil
Du må være logget inn for å se brukerprofiler og sende meldinger.
Logg innAnnonsens metadata
Sist endret: 20.10.2025 kl. 10:16 ・ FINN-kode: 433028142
