Sykepleier/vernepleier - Psykisk helse og rusomsorg
Osterøy kommune
- Frist 16.11.2025
- Ansettelsesform Vikariat
Svangerskaps vikariat med arbeid på dagtid
Om stillinga
Ein av våre tilsette skal ut i foreldrepermisjon og i den forbindelse vil vi få ledig eit svangerskaps vikariat.
Arbeidskvardagen vår er kjekk med forskjellige brukarar med ulike utfordringar. Ingen dag er lik. Vi arbeidar opp mot brukarar med psykiske helse utfordringar og/eller rusproblematikk.
Me gler oss til å få treffa nettopp deg som vil bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø, og ein betre kvardag for våre brukarar.
- Kunnskapsrike og dyktige kollegaer som støtter kverandre.
- Hos oss får du stor grad av frihet i arbeidskvardagen.
- Du vil bli del av eit team på 8.
- Gunstig arbeidstid frå 08-15.30.
- Vikariat fram til 31.12.26 med moglegheit for forlenging
Arbeidsoppgåver
Arbeid med brukarar med psykiske utfordringar, rusutfordringar eller rusavhengnad er variert og ein må vera allsidig. Det kan derfor vera mange ulike oppgåver ein må gjera, noko av dette kan mellom anna vera:
- Oppfølging til brukarar med psykisk lidelse og/eller rusutfordringar
- Individuellplan og oppfølgingsplan til brukarar
- Individuell oppfølging
- Oppsøkjande oppfølging
- Utlevering av LAR (Legemiddelassistert rehabilitering)
- Planarbeid knytt opp mot brukar
- Samarbeid med andre innstansar, pårørande m.m.
- Primærkontakt arbeid
- Sakshandsaming
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Førerkort klasse B
- Fordel om du har videreudanning innan for rusomsorg og/eller psykisk helse
- Ønskelig med erfaring rundt arbeid med brukarar med psykisk utfordringar og/eller rusutfordringar
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Gode samarbeidevner og tryggleik i faget er viktig.
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, med ei super kollegagjeng. Som stiller opp for kverandre og hjelper til der det trengs.
- Vi har ei fantastisk arbeidstid fra 08-15.30 og jobbar ikkje helg eller røde dagar
- Lederteamet er stor fan for at du skal ha medbestemmelsesrett som arbeidstaker
- Du får eigen pc og telefon til bruk på jobb
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida plassert hjå KLP
- Osterøy kommune er ei IA-verksemd
Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglY
Anna informasjon
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar.
- Førerkort klasse B er påkrevd.
- Kommunen har 6 månadar prøvetid ved nytilsetjing.
FerdigheterAI-generert
- Kjøre
Om arbeidsgiveren
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.
Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Sykepleier, Vernepleier/miljøterapeut
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 432497042
- Sist endret